Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
29.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

I Hunstad barnehage gir vi barna gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i eit trygt og omsorgsfullt miljø derbarna møter anerkjennande og lydhøyrte vaksne.

Hunstad barnehageer ein av totalt fire barnehagar som blir drifta og eigd av Helse Bergen. Vi ligg sentralt plassert ved Haukeland sjukehus og har i dag 45 barn i alderen 1- 5 år.

Barnehagen har to avdelingar med aldersblanda grupper og mykje samarbeid på tvers. Vi er opptatt av leik og gode relasjonar. I år har vi fokus på å lage gode kvardagar i lag med barna. Vi jobbar prosjektbasert med endrings- og utviklingssarbeid knytta til leikemiljø i alle våre Helse Bergen barnehagar, i Hunstad har vi som mål å skape eit inspirerande og inkluderande leike- og læringsmiljø.


Frå 01.08.24 har vi har ledig ei fast stilling som barnehagelærar hos oss. Vi søker ein stabil, fagelg og trygg barnehagelærar som er motivert for nye utfordringar.


Arbeidsoppgåver

  • Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
  • Medansvar for å skape eit godt psykososialt barnehagemiljø
  • Medansvar for god fagleg utvikling i barnehagen
  • Medansvar for planarbeid og organisering av avdelinga
  • Medansvar for eit godt foreldresamarbeid
  • Medansvar for observasjonsarbeid og samarbeide med andre instansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
  • Ein lagspelarr med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Påliteleg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Omsorgsfull vaksenperson
  • Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 59, 5053 Bergen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Irene Becker Pedersen
Stillingstittel
Styrer Hunstad barnehage
Telefon
92 24 96 03
Følg firma
2261 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 59, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353020529
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse