Intensivsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/sjukepleiar
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig faste stillingar og vikariat som intensivsjukepleiar. Turnus med arbeid pt. kvar 3.helg. Stillingane erledig frå snarast eller nærare avtale. Vikariat er for 1 år med mogleg forlenging og fast stilling.

Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert behandling av brannskadar og har 8 sengeplassar fordelt på4 intensivsenger og4 standard senger. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

For stillingane er det krav om dokumentert autorisasjon. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumenterekunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge framtilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Nasjonalt brannskadesenter er ein spennande arbeidsplass med mange sjukepleiefaglege utfordringar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etterbrannskadar

Kvalifikasjonar

  • Intensivsjukepleiar må ha norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie med erfaringannan kirurgi/spesialsjukepleie
  • Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon og minimum 2 års erfaring frå kirurgisk avdeling
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, ogsåtverrfagleg team
  • Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
  • Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevjande situasjonar
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å opparbeide seg ein unikkompetanse då vi har nasjonal funksjon
  • Spennande arbeidsstad
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonalt kurs i akutt brannskadebehandling
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi er ein IA bedrift


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Intensiv,
Sykepleier
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

intensivsykepleier, Brannskaden, sykepleier med erfaring, Brannskaden, Intensivsjukepleiar, sjukepleiar, Brannskaden, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Hege Furnes Hilt
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
55 97 35 61
Følg firma
2261 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353018737
Sist endret 14. mai 2024 07:54

Rapporter annonse