VVS-ingeniør

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
VVS-ingeniør
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Teknisk avdeling søker ein VVS-ingeniør med BIM-kompetanse til den nyoppretta seksjonen Vedlikehaldsstyring og teknisk informasjon. Seksjonen har ansvar for å vidareutvikle arbeidsprosessane for Teknisk avdeling, sikre etterleving av desse og styrkje den faglege støtta til drift- og vedlikehaldsavdelingane.Vi søkjer deg som er utdanna innan VVS og har god erfaring med BIM-modellering i dette fagfeltet. Du meistrar AutoCAD og Revit og er kjend medsystem- og komponentnummereringa i henhald til TFM. Har du kjennskap til Solibri og dRofus, er det einfordel. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg og spennande miljø med dyktige kollegaer. Vi oppmoder særskild nyutdanna til å søkje.

God vedlikehaldsstyring og dokumentkontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og skal i løpet av 2024 innføre nytt FDVU-system som vil gje eit betre planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til teknisk dokumentasjon. Seksjonen har òg ansvar for å representere Teknisk avdeling i ulike prosjekt og fremje avdelingas behov.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde og drift og vedlikehald av ein del produksjonsutstyr.Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass som igjen er med på å gje ei best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du høve til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.

Arbeidsoppgåver

  • Oppdatere eksisterande BIM-modellar i Revit
  • Oppdatering av dRofus database
  • Ansvar for VVS-dokumentasjon i Helse Bergen HF sitt digitale teikningsarkiv Meridian
  • Oppdatere VVS-teikningar, prosedyrar og retningsliner for Helse Bergen HF
  • Kontroll av leveranse frå prosjekt for VVS-faget i både AutoCAD og Revit
  • Kontroll av IFC-modellar i Solibri
  • Bistå som BIM-rådgivar for VVS-faget for ivareta eigenrinteresser til Helse Bergen
  • Bistå med utvikling av BIM-manualen til Helse Bergen for VVS-faget

Kvalifikasjonar

  • Krav om relevant utdanning innan fagskole/ingeniør VVS
  • Erfaring med modellering i Revit og relevante plug-ins; MagiCAD og Naviate
  • Erfaring med/kjennskap til Solibri og dRofus
  • Kjennskap til FDVU-dokumentasjon
  • Generell gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert, effektivt, nøyaktig og er resultatorientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er serviceinnstilt, engasjert, ser moglegheiter der andre ser problem og har godt humør
  • Du set deg raskt inn i nye oppgåver og har lyst til å vidareutvikle deg og lære deg nye program

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Personalbarnehage
  • Kompetanseutvikling
  • Introduksjonskurs

Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 32, 5096 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Ingeniør / VVS- og klimateknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

VVS-ingeniør, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henriette Olderøy
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
40 06 61 06
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Haukelandsveien 32, 5096 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352929087
Sist endret 13. mai 2024 14:11

Rapporter annonse