Bli med på å forme transportløysingane i framtida!

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
BIM-koordinator
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Vi søkjer deg som har interesse for digital utvikling, arbeid med fagmodellar og som ser det som oppgåva di å bidra til at alle fag blir samanlikna i ein felles modell.

Som BIM-koordinator hos oss vil du arbeide med modellbasert planlegging og prosjektering av veganlegg i alle planfasar, og dessutan oppfølging i byggjetid. Du får høve til å bidra i utforming og avklaringar om kva fagområda i prosjektet skal levere, og på kva nivå. Du må også forvente å ha noko opplæring innan ulike fagområde når det gjeld leveransar i modell, og dessutan kvalitetskontroll av samordningsmodell.

Du skal delta i tverrfaglege prosjektgrupper, og deit er også aktuelt med oppfølging av modellbaserte leveransar frå eksterne rådgivarar. Du skal bidra i mange prosjekt, og vil få varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.

Mykje av arbeidet skjer i fellesskap med andre. Vi samarbeider mykje digitalt i prosjekta, men du må rekne med noko reiseaktivitet.

Stillinga kan lokaliserast i Bodø, Bergen, Lillehammer eller Moss. Andre kontorstader der vi har medarbeidarar kan også vere aktuelle, ta kontakt for meir informasjon.

Teknisk planlegging er del av fagressursavdelinga på divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkjande med 47 medarbeidarar fordelte på 14 kontorstader. Fagområda våre er veg, VA/drener, landskap, grønt, kulturarv, naturmangfald og planleggingsleiing

Les meir om å jobbe i Statens vegvesen og Drift og vedlikehald her. (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ta-vare-pa-vare-veier/)


Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har

  • minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins
  • forståing for format og konvertering, erfaring med verktøy som Quadri, Novapoint, Civil 3D, og helst også Navisworks og Infraworks
  • interesse for ny teknologi og evne til å raskt setje deg inn i bruken av ny programvare
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • førarkort kl. B

Erfaring med skybaserte CDE-er som Trimble Connect eller BIM360 er ein fordel.

Ønskte relevant kompetanse:

  • erfaring frå arbeid med modellbasert prosjektgjennomføring, bruk av BIM i infrastrukturprosjekt og tverrfagleg forståing
  • forståing for format og konvertering
  • interesse for programmering/parametrisk design
  • kjennskap til opne BIM-standardar som IFC og GML

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Vi legg vekt på at du:

  • kan jobbe sjølvstendig og har ei praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysinga
  • har gode samarbeidsevner og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er lærevillig og har interesse for å dele kunnskap med andre
  • er fleksibel, tek initiativ og er open for nye utfordringar

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonsleiar Torill Felde, tlf. 971 40 861 eller seksjonsleiar Britt-Laila Jensen, tlf. 480 39 185.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • Dreifushammern 31, 8012 Bodø
  • Skoggata 19, 1530 Moss
  • Industrigata 1, 2619 Lillehammer
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Modellbasert, Planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torill Felde
Stillingstittel
Seksjonssjef
Mobil
97 14 08 61
Kontaktperson
Britt-Laila Jensen
Stillingstittel
Sekjsonssjef
Mobil
48 03 91 85
Følg firma
4116 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 351424223
Sist endret 3. mai 2024 15:53

Rapporter annonse