Vil du vera med og bidra på viktige vegprosjekt i regionen?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Teknisk byggeleder UTB Rogaland
Frist
22.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Statens vegvesen, Utbygging, har ei ledig stilling som tenisk byggjeleiar og søkjer etter ein person med kompetanse innan tunnelbygging/vegbygging og oppfølging av entreprisekontraktar.

Stillinga er tilknytt Utbyggingsdivisjonen, Prosjekt Rogaland, som omfattar fleire prosjekt i fylket. I første omgang er stillinga knytt til bygging av ny tunnel på Rv. 13 Sand - Lovraeidet i Suldal kommune og oppgradering av tunnel på Fv.523 i Strand kommune.

Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • kontrollere entreprenørens arbeid i henhold til kontrakt
  • følge opp prosjektet i samsvar med modell og tegninger
  • bistå i utarbeiding av SHA-planer, kontrollplaner og konkurransegrunnlag
  • delta på byggemøter
  • bistå byggeleder og SHA-rådgiver i oppfølgingen av HMS på prosjektet
  • arbeidslederansvar for kontrollingeniør

Kompetansekrav

Minimum 3 år utdanning frå universitet eller høgskule med relevant fagkrets, jmf. beskriving over.

Førarkort klasse B, nødvendige IT-ferdigheiter for oppfølging og rapportering, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad.

For kandidatar med 2-årig teknisk fagskule, samt sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, anbefaler vi ein autorisert oversetting av dine dokument og godkjenning fra HKDIR.

Vi vektlegg at du:

  • har gode evner til å samarbeide og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • har erfaring frå bygg- eller prosjektleiing
  • er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
  • er strukturert og sjølvstendig

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).


Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.


Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med prosjektleiar Geir Strømstad på mobil 488 99 798 om du har spørsmål.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Offentlig
Sted
Svanholmen 7, 4313 Sandnes
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

teknisk byggeleder, byggeleder, tunnelprosjekt, veg og tunnel, bygg og anlegg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Strømstad
Stillingstittel
Prosjektleder
Mobil
48 89 97 98
Følg firma
4119 følger dette firmaet

Svanholmen 7, 4313 Sandnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 350946344
Sist endret 30. apr. 2024 12:01

Rapporter annonse