Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Seksjon for fengselshelseteneste har ansvar for poliklinisk psykisk helsevern for personar som er under straffegjennomføring innan Helse Bergen sitt område. Seksjonen er og delaktig i ulike spesifikke tiltak som Narkotikaprogram med domstolskontroll, Rusmeistringseining, Ungdomseining, samt behandlingstiltak for valds- og seksuallovbrotsdømde.

Hovudtyngda av arbeidet er lokalisert til Bergen fengsel på Hylkje, 18 min køyretur frå Bergen sentrum. Utgreiing og behandling av personar under straffegjennomføring gjev god meining og gjev moglegheit til å nå pasientar som i mange tilfelle ikkje klarar å følge opp eit behandlingstilbod ute. I tillegg til ordinære polikliniske arbeidsoppgåver vil ein viktig del av jobben vere å behandle og hjelpe personar som har falt utanfor samfunnet til å kunne meistre eit vanleg liv. Ein del av behandlingstilbodet er retta mot å førebygge at ein person utset andre for vald eller seksuelle overgrep. Behandling under straffegjennomføring gjev moglegheit til å nå personar som ofte ikkje ville oppsøkt psykisk helsevern. Vi meiner at behandling av pasientar under straffegjennomføring blir gjort best med fleksibilitet, individuell tilpassing til den enkelte pasient og eit tett samarbeid med andre relevante instansar.

Det er no ledig fast stilling for psykolog/ psykologspesialist. Det er aktuelt med fleire typer oppgåver i seksjonen men for tida er det mest aktuelt med oppgåver knytta til personar som er dømde til seksuallovbrot. Kandidatane må og pårekne å bidra der det er behov for det i seksjonen.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos pasientar som er under straffegjennomføring, etter tilvising
  • Samarbeide med primærhelsetenesta og kriminalomsorg om tiltak
  • Samarbeide med ulike instansar som skal syte for hjelp etter endt tid for soning
  • Utgreiing av risiko, behov og responsivitet for seksuallovbrudsdømde, med tilpassa behandling individuelt og i gruppe
  • Delta i psykoedukasjon i gruppe ved behov, som sinnemeistring, stressmeistring, m.m
  • Delta i fagutviklingsoppgåver og internundervisning
  • Yte rettleiing til samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend psykolog, gjerne med godkjend spesialitet men det er ikkje eit krav
  • Erfaring frå psykisk helsevern med vaksne, særleg vurderingar av lidingar knytt til psykose og suicidproblematikk, samt ADHD og alvorlege personlegdomslidingar
  • Fordel med kjennskap til og interesse for straffegjennomføringssystemet
  • Fordel med erfaring frå spesialisthelsetenestetiltak i fengsel
  • Fordel med erfaring frå arbeid med valds- og/eller overgrepsproblematikk
  • Må meistre norsk i skrift og tale
  • Må legge fram marknadsfri utvida politiattest

Personlege eigenskapar

  • Evne til å trivast i klinisk arbeid med ei utfordrande pasientgruppe
  • Fleksibilitet og positiv innstilling til samarbeid
  • Sjølvstendig
  • Interesse for fagutvikling

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit spennande fagfelt
  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg rettleiing

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Psykolog, Psykologspesialist, Sikkerhetsklinikk, Fengselshelsetjeneste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Risnes
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Telefon
95 89 05 97
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Annonseinformasjon

FINN-kode 350291901
Sist endret 26. apr. 2024 09:06

Rapporter annonse