Inaktiv

Vil du ha verdas viktigaste jobb? Vi har ledig vikariat som psykolog/psykologspesialist ved BUP Sentrum!

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vil du ha verdens viktigste jobb? Vi har ledig vikariat som psykolog ved BUP Sentrum!
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Bli med på ei meiningsfull reise og gjer ein skilnad i livet til barn og ungdom!

Ønsker du å vere ein del av eit team dedikert til å forbetre og berike livet til barn og ungdom som treng hjelp og støtte? Er du opptatt av å støtte og rettleie unge menneske gjennom utfordringane deira? Vil du vere med å utvikle og forbetre det psykiske helsevernet for barn og unge? Då har vi den perfekte moglegheita for deg!

På BUP Sentrum skal ein av våre fast tilsette psykologar ut i permisjon. Det betyr at vi har ledig plass på laget til ein psykolog/psykologspesialist i eitt års vikariat. Vi på BUP Sentrum tykkjer vi har verdas viktigaste jobbar. Vi jobbar nemleg med å gjere livet til barn, unge, og familiane deira betre. Ved å forstå vanskar dei kjem til oss med, til å behandle plager som kan behandlast, og å vere med å legge til rette for at utfordringar blir overkommelege, får vi vere positive bidrag inn i mange menneske sitt liv. No søker vi etter ein engasjert psykolog som vil vere med å utvikle vår visjon om å tilby førsteklasses omsorg og behandling.

BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.

BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien midt i Bergen sentrum. Vi har utsikt til Bryggen og Fløyen, og anløp av hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik like utanfor døra. Det er kort avstand til buss-samband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet til Bergen sentrum ligg i gåavstand fra poliklinikken. Med bakgrunn i stor auke i pågang blei lokala til poliklinikken utvida våren 2022 med sju nye behandlarkontor og nye møterom.

I BUP Sentrum sitt opptaksområde som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus i Bergen kommune bur det omkring 12 000 barn og ungdom. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i eit småbarnsteam og to generelle team. Vi er ein av tre poliklinikkar som har klinikkovergripande tyngdepunkts-funksjonar for spiseforstyrringar, og vi har som einaste poliklinikk tyngdepunktsfunksjon for sped- og småbarn.

Ettersom ein av våre fast tilsette psykologar skal ta eitt års permisjon har vi ledig vikariat for psykolog/psykologspesialist med oppstart 01.08.24.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hjå barn
  • Individuelt tilpassa behandling (individuelt, i gruppe, familiebehandling)
  • Gje konsultasjon og rettleiing til skular, barnehagar, og til ulike kommunale tenester for barn og unge
  • Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1.linjetenesta
  • For psykologspesialist: Gje rettleiing til psykologar under spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
  • Dersom du er spesialist er det ønskeleg med spesialisering i barn- og unge
  • Det vil bli lagt stor vekt på tidlegare erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hos barn og ungdom i spesialisthelsetenesta
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS) er ein fordel
  • Godkjenning som gruppeleiar i "De utrolige årene" eller "4-dagers behandling" er ein fordel
  • For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg i rolla som behandlar og evner å skape god kontakt med barna og deira pårørande
  • Du trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og har god samarbeidsevne
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert og målretta etter anerkjende faglege prinsippar
  • Du har evne til fleksibilitet i ein varierande kvardag
  • Det er helt nødvendig med særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Sentrumsnær arbeidsstad
  • Triveleg arbeidsmiljø, med en aktiv sosialkomité
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Psykolog, Psykologspesialist, Psykisk helsevern for barn og unge, BUP sentrum, Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Park
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 54 85 38
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 349267335
Sist endret 2. mai 2024 00:04

Rapporter annonse