Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Stillingstittel
Arbeidsleiar, vedlikehald
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen

Arbeidsleiar, vedlikehald

Om stillinga

Bergen fengsel søkjer verksbetjent i 100% fast stilling til vedlikehald

Vi søkjer deg som er engasjert og ønskjer å drive med kunnskapsformidling og rettleiing av innsette i Bergen fengsel.

Litt om oss
Vedlikehaldsavdelinga er ei gruppe med trivelege og engasjerte fagfolk. Vi har eit godt samhald og gler oss til å få ein ny medarbeidar, kan det vere deg?

Oppgåvene våre er allsidige. Vi har mellom anna innsette med i dagleg vedlikehald inne og ute i fengselet, og har fokus på å dele kunnskap og erfaringar. Verksdrifta har tett samarbeid med Statsbygg, skule og tryggleiken i fengselet.

Ein verksbetjent skal ha evne til å leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige
arbeidsområde. Verksbetjent skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, rettleiar og
opplæringsansvarleg for dei innsette.


Arbeidsoppgåver

  • opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette
  • arbeidsleiar for ei gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga
  • planleggje og utføre vedlikehaldsarbeid inne og ute.
  • planleggje og utføre produksjonsmål og kvalitetskrav for avdelinga og etterleve kvalitetskrav i samråd med verksmeister
  • mindre betongarbeid, steinleggjing, gartnararbeid og anna forefallande arbeid. arbeid i forhold til dagleg drift og tryggleik vil bli prioritert.
  • utstede praksisattestar, utvikle fagområdar i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • sjå til at arbeid blir utført etter gjeldande HMS-forskrifter

Den som blir tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • relevant fagbrev og arbeidserfaring
  • relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
  • førerkort klasse B
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • beherske engelsk muntleg
  • kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring innan bygg, gartnararbeid, betongarbeid og steinleggjing
  • erfaring/tilleggsutdanning innan pedagogikk
  • erfaring fra arbeid med menneske er ein fordel
  • masseforflytnings-sertifikat

Den som blir tilsett må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenkjing
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evne til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
  • stillinga vert løna i stillingskode 0275 verksbetjent kr. 443 000 - 557 100 avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar.

    Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeistar Trond Sture tlf. 55393700 / 55393600.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er "Straff som endrar" og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet med om lag 200 plassar for både kvinner og menn. Fengselet legg til rette for utvikling forinnsette og gjev moglegheit for ny kompetanse.

Sektor
Offentlig
Sted
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Murer/Flislegger,
Håndverker / Snekker/Tømrer,
Håndverker / Betongarbeider

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Sture
Stillingstittel
verksmeistar
Telefon
55 39 37 00
Følg firma
1281 følger dette firmaet

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Annonseinformasjon

FINN-kode 349134022
Sist endret 18. apr. 2024 12:20

Rapporter annonse