Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Vik fengsel
Stillingstittel
1 års Vikariat verksbetjent og tilkallingshjelp verksbetjent
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Kriminalomsorgen

1 års Vikariat verksbetjent og tilkallingshjelp verksbetjent

Om stillinga

Vik fengsel har ledig vikariat som verksbetjent i 100 % stilling, fram til desember 2024, med moglegheit for forlenging. Me har i tillegg behov for tilkallingshjelp eller deltidstilsatte i arbeidsdriften. Stillingane er ledig omgåande og det er mogleg med rask tilsetjing. Arbeidstida er 0800-1530 mandag til fredag, med moglegheit for fleksitidsordning. Stillinga har idag arbeidsoppgåver innan vedarbeid, måling, vedlikehald og diverse "vaktmeistaroppdrag" innanfor fengselet sitt område, i samarbeide med dei innsette.

Me søkjer med andre ord etter ein allsidig og fleksibel person med god evne til å leia innsatte i den daglege driften.


Arbeidsoppgåver

  • rettleiing og opplæring av innsette.
  • ansvar for ei mindre gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå vedtekne mål for avdelinga
  • motivator, samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
  • anna oppfygjing av innsette

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • relevant fagbrev og/eller relevant erfaring
  • relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
  • førarkort klasse B (vurder ev. andre førarkortklassar/YSK)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Det er ønskjeleg at du har

  • evne og ferdigheiter til å vera fleksibel i type arbeidsoppdrag og kan steppe inn i på mekanisk verkstad, snekker verkstad, utegruppe og eventuellt i fengselsbutikk ved behov.


Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til tryggleikstenking
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
  • Evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • Du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Allsidig i type arbeidsoppdrag.

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • eit engasjerande arbeidsmiljø
  • Stillingen lønnes som verksbetjent, stillingskode 0275. Lønnstrinn 41-57, fra kr. 443 000 - 557 100,- pr. år, avhengig av kvalifikasjoner. Det blir trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til leiar for arbeidsdrifta Therese Eidsvik, tlf 57696582, eller Stig Rune Grønsberg, fengselsfyrstebetjent tenesteoppsett tlf 57696585/91544023.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er "Straff som endrar" og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen.
Vik fengsel ligg i Vik kommune, og er ei eining med med høg- og låg tryggleiksnivå. Fengselet vart bygd i 1864, og fekk ei ny celleavdeling i 2007. Fengselet har ordinær kapasitet på 39 plassar. Av dei er 28 plassar med høg tryggleik og 11 plassar med lågare tryggleik. Fengselet som ligg mellom fjord og fjell i eit vakkert naturlandskap har omlag 40 tilsette.

Sektor
Offentlig
Sted
Vik i Sogn, 6893 Vik i Sogn
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Håndverker / Maler/Tapeserer,
Håndverker / Snekker/Tømrer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Rune Grønsberg
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent Tenesteoppsett
Telefon
57 69 65 85
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Vik i Sogn, 6893 Vik i Sogn

Annonseinformasjon

FINN-kode 348872659
Sist endret 16. apr. 2024 15:21

Rapporter annonse