Inaktiv

Operasjonssjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Operasjonssjukepleiar
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket, med 14 seksjonar og om lag 1200 tilsette. KSK yter service for pasientgrupper til dei fleste avdelingar og klinikkar i føretaket.

Dagkirurgisk seksjon er ein avdeling med 6 operasjonsstover og 15 oppvakningsplassar. Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi, robotkirurgi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonen held høg standard og har eit godt og spennande miljø.

Vi har ledig 100% fast stilling som Operasjonssjukepleiar frå august. Arbeidstid: Måndag - Fredag.

Vi søker deg som held fokus på pasienten i ein travel kvardag, som er engasjert i å bedre tilbod og kvalitet og som bidrar positivt til godt samarbeid og triveleg arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvaret for å planlegge og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
  • Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
  • Delta i daglege driftsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Erfaring frå arbeid på tvers av einingar
  • Gode datakunnskapar
  • Måmeistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
  • Arbeider strukturert og målretta
  • Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Søkarar må trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter tariff
  • Gode pensjon-og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Operasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

operasjonsykepleier, operasjonssjukepleiar, Dagkirurgisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
May Beate Sandvik
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 04 65
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348807587
Sist endret 26. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse