Vil du vera med på å setja retning for digitalisering på norske vegar?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Domene-/løysingsarkitekt
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Domene-/løysingsarkitekt

Om stillinga

Motiveres du av å ha ein samfunnsnyttig jobb? Teknologien i framtida er avgjerande for å nå samfunnsoppdraget vårt om færre drepne på norske vegar. Som domenearkitekt/løysingsarkitekt har du ei viktig rolle med å gjera Statens vegvesen betre i stand til å levera på satsingsområda framkomme, berekraft og trafikktryggleik. Du har ei sentral rolle gjennom arkitekturleveransane til IT-divisjonen, i samarbeid med fagavdelingane. Som arkitekt hos oss jobbar du i eit spennande og tverrfagleg kompetansemiljø, der me vektlegg aktiv kunnskapsdeling. Du vil møta ein uformell tone, stor takhøgd og eit godt høve til å utvikla deg både fagleg og personleg. 
 
Kontorstad vil vera Drammen, Bergen eller Moss. Oppgi kva kontorstad du søkjer deg til i søknaden din.


Arbeidsoppgåver

Som domenearkitekt/løysingsarkitekt hos oss vil du  

  • vera ansvarleg for IT-arkitekturen, målbilete og vegkart for domenet, i tråd med strategi og forretningsbehov 
  • vera ansvarleg for arkitekturstyring og driva arkitekturen i domenet, og dessutan koordinera på tvers av verdikjeder 
  • bidra inn i smidige og tverrfaglege team med å forma ut løysingsarkitekturar etter brukarbehov, arkitekturprinsipp og standardar 
  • støtta utviklarar/techlead i produktteam og prosjekt 
  • bidra og utfordra i utviklinga av beste praksis innan IT-arkitektur 
  • støtta prosjekt med sentrale leveransar, spesielt knytt til å identifisera og avvega alternativ, design og spesifikasjon 
  • vera rådgivar og bindeledd mellom produkteigarar, utviklarar, forvaltarar, driftspersonell og andre arkitektar

Kvalifikasjonar

  • Min. tre års relevant høgare utdanning. Omfattande og relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning. 
  • Fleire års erfaring frå arbeid med å driva arkitekturarbeid.
  • God arkitekturforståing og kunnskap korleis ulike tenester og applikasjonar fungerer i samspel.
  • Brei teknisk kompetanse og god forretningsforståing.
  • Generell brei kunnskap og erfaring med utviklingsspråk/-rammeverk, konteinarteknologi, databasar og modelleringsverktøy. 
  • Erfaring med følgjande områda er ein fordel; smidige arbeidsformer, offentleg og/eller privat skyteneste, tryggleik og autentiseringsstandardar (OAUTH2 og OIDC), API-er og integrasjonar, hendingsorientert arkitektur og tenestedesign. 

 
Arbeidsoppgåvene krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).


Me søkjer deg som

til liks med oss, er opptekne av å setja kunden i sentrum. For å lykkast i rolla som domenearkitekt/løysingsarkitekt er det viktig at du er engasjert, framoverlent og komfortabel i rolla som teknisk leiar. I tillegg trur me at du har eit godt blikk for verdikjeder. Du trivst med å formidla bodskap og komplekse problemstillingar på ein god måte til ulike målgrupper.


Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar. ppgi kva kontorstad du søkjer deg til i søknaden din.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
 
Divisjon IT har eit heilskapleg ansvar for at all digitalisering i Vegvesenet blir gjord framtidsretta, smidig og sikkert på tvers av fagområda til etaten. Divisjonen varetek utvikling av dei digitale kanalane til etaten og tenester, er ein partnar for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Fagsida blir støtta frå idé til realisering, med smidige prosjekt og leveransar.
Divisjonen har seks avdelingar: Styring IT, Utvikling IT, Forretningsutvikling og innovasjon IT, Produkt og tenester, Infrastruktur og drift, og Brukarnær IT. Divisjonen har over 350 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Doktor Hansteins gate 9, 3044 Drammen
Flere arbeidssteder
  • Skoggata 19, 1530 Moss
  • NYGÅRDSGATEN 112, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Dokken Juul
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
48 01 69 05
Følg firma
4087 følger dette firmaet

Doktor Hansteins gate 9, 3044 Drammen

Annonseinformasjon

FINN-kode 348214423
Sist endret 12. apr. 2024 16:03

Rapporter annonse