Inaktiv

Engasjert seksjonsleiar/driftsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar/ driftsleiar
Frist
23.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi?

Er du i tillegg god på å få folk med deg, har oversikt og kan handtere fleire prosjekt på same tid? Då er du den vi ser etter. Hospitaldrift Tekstilforsyning søker etter seksjonsleiar for vaskeriproduksjon. Vi er ei av åtte einingar i Hospitaldrift, som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen består av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar.

Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei bærekraftig tekstilteneste og er totalleverandør av tekstilar til bruk i sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar har du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, dine medarbeidarar og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset. Du er sentral i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk saman med eigen eining, våre brukarar, kundar og dei samarbeidande seksjonane i sjukehuset.

Vi søker ei leiar som ser den enkelte og hentar det beste fram i dei og som bidrar til eit positivt og godt miljø for forbetring og teamarbeid.Seksjonen har om lag 45 tilsette. Stillinga rapporterer til leiar for Hospitaldrift Tekstilforsyning og inngår i leiargruppa for eininga.


Arbeidsoppgåver

  • Leie, organisere og utvikle seksjonen vidare
  • Personal- og budsjettansvar
  • Ansvar for ressursstyring, teknisk vedlikehald, bemanning og arbeidsplanar i eigen seksjon
  • Sikre opplæring og fagleg utvikling av medarbeidarane
  • Delta i anskaffingar og investeringar til seksjonen
  • Delta i eininga si leiargruppe og medverke til godt samarbeid på tvers

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring, erfaring frå prosjektleiing
  • Høgskole-/universitetsutdanning innan tekniske fag, logistikk, prosess- og produksjonsteknikk, eller annan relevant utdanning
  • Erfaring med arbeid innan logistikk, produksjon, lager og forsyningskjeder
  • God IKT forståing og god erfaring i bruk av ikt-verktøy
  • God analyseforståing og erfaring i bruk av analyseverktøy og styringsdata
  • Erfaring og interesse for endrings- og forbetringsprosessar
  • God skriftleg og munnleg framstilling

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein person som er ein viktig ressurs i prosessar og forbetringsarbeid, som ser den enkelte, finn deira styrke og kan spele vidare på desse
  • Du er òg opptatt av samarbeid, har ein inkluderande stil, kommuniserer tydeleg, skapar gode relasjonar og bygger tillit

Vi tilbyr

  • Å inngå i ein godt drive seksjon, der vi legg vekt på å hjelpe kvarandre og dele kunnskap
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar og kollegaer
  • Spennande arbeidsoppgåver med deltaking i fagleg nettverk
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Arbeidsplass er Haukeland universitetssjukehus
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Industri og produksjon,
Tekstil,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse,
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Seksjonsleder, Driftsleder, Logistikk, Produksjon, Vaskeri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Røli Hope
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
95 89 05 51
Følg firma
2254 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 346654613
Sist endret 24. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse