Inaktiv

Kafémedarbeidar vikariat

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Kafémedarbeidar
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldriftleverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar.Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Hospitaldrift Matforsyninghar som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener nærare 2.000 gjester dagleg.

Vi har ledig to vikariat som kafemedarbeidar/assistent ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé

Stilling 1: 100% vikariat frå juni 2024, eller etter avtale, fram til sommaren 2025 for ein av våre dyktige kafémedarbeidarar som skal i foreldrepermisjon.
Denne stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeid pt. kvar 3. helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 - 19.00.

Stilling 2: 100% vikariat frå august2024,eller etter avtale,fram til desember/jul 2024,med moglegheit for forlenging.
Denne stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid måndag til fredag mellom kl. 07.00 - 19.00.


Det tas forbehold om at turnus og arbeidstid kan bli endra.Aktuelle kandidatar blir fortløpende vurdert.


Arbeidsoppgåver

  • Yte profesjonell service og kundebehandling
  • Betening av kasse - betalingssystem
  • Tillaging av både varm og kald mat
  • Vareeksponering
  • Reinhald, oppvask og rydding
  • Anna forefallande arbeid etter behov
  • Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språklegkunnskapsnivå må kunne dokumenterast
  • Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha kjennskap til IK-mat
  • Vere løysingsorientert
  • Over 18 år
  • Taklar fysisk krevande arbeid

Personlege eigenskapar

  • Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
  • Er strukturert og nøyaktig
  • Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
  • Er fagleg interesse og engasjement
  • Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering,
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Mat og servering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Mat og servering, Kantine, Kafé, Restaurant, Café

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
René Kaser
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 49 05
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345557038
Sist endret 26. apr. 2024 15:04

Rapporter annonse