Inaktiv

Ønskjer du å jobbe med innkjøp for dei store utbyggingsprosjekta til Statens vegvesen?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Juridisk kontraktsrådgivar, offentlege innkjøp
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Kontrakt og marknad Utbygging søkjer etter ein kontraktsrådgivar som vil vere med å vidareutvikle Statens vegvesen som ein framtidsretta byggherre. Kontorstad er fortrinnsvis Bergen, men også andre lokasjonar, som Molde, Bodø og Drammen kan vurderast. Det må påreknast noko reiseverksemd.

Kontrakt og marknad på Utbygging skal sikre meirverdi i prosjekta gjennom kompetansen vår. Avdelinga har ein stab på 28 medarbeidarar, som hjelper divisjonen og 
utbyggingsprosjekta med rådgiving, utvikling av konkurransegrunnlag, kontraktar, rammeverk (som handbøker, rettleiarar og andre hjelpedokument) og kompetanseutvikling 
innanfor følgjande hovudområde:  

•    Prosjektstyring
•    Anskaffelser
•    Entrepriserett
•    Rådgiverkontrakter
•    Samhandling
•    HMS
•    Lønns og arbeidsvilkår
•    Klima og miljø 
•    Markedskontakt, marknadsutvikling og -analysar
 


Arbeidsoppgåver 

Vi søkjer etter kandidatar som trivst i eit hektisk og utviklande miljø og som kan bidra sterkt i ein eller fleire av følgjande oppgåver: 


•    Hjelpe til med rådgiving knytt til utarbeiding av konkurransegrunnlag og tilbodsvurdering for entreprisar og/eller rådgivarkontraktar 
•    Bistå ved gjennomføring av konkurransar, under dette i tilbodsevaluering og forhandlingar
•    Delta i utvikling av rammeverk som konkurransegrunnlagsmålar, handbøker, rettleiarar og andre dokument knytt til innkjøp 


Kvalifikasjonskrav

•    Mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen 
•    God skriftleg og munnleg norsk formuleringsevne

Vi ser helst at du har nokre års erfaring, men nyutdanna vil også bli vurdert. Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR.


Vi vil vektleggje om du

•    har kunnskap om eller erfaring med offentlege innkjøp,
•    har kjennskap til entrepriserett eller rådgivar-kontraktar. 
•    Har god kunnskap innan forvaltning og styresmaktsutøving
•    har erfaring med forhandlingar.
•    har erfaring med standardkontraktar i bransjen
•    er fagleg sterk, har høg arbeidskapasitet og er kundefokusert
•    er løysingsorientert og evner å definere handlingsrom, samtidig som du er tydeleg på rammevilkår


Kvifor skal du velja oss arbeidsgivar?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Jurist / Advokat,
Jurist / Advokatfullmektig

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Atle Haugland
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
91 52 22 15
Kontaktperson
Christian Storum Nøstdal
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
46 61 00 64
Følg firma
4084 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345177739
Sist endret 16. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse