Inaktiv

Vil du vere med å designe løysingar som gjer ein forskjell for samfunnet?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
UX-designer
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Designar med hjarte for brukaren

Designteamet vårt held fram med å vekse og vi søkjer no senior UX designarar som vil jobbe med store samfunnskritiske problem og styrke vårt team i Bergen eller Drammen. Du vil saman med andre designarar og team jobbe for at produkta og tenestene våre skal fremje meir trafikktryggleik og gjere reisene til brukaren meir føreseieleg.

Brukaroppleving består av eit sterkt fagmiljø med i dag 15 designarar som har ulik erfaring og bakgrunn, og som blir kjenneteikna av profesjonalitet og høge ambisjonar. I tillegg til vår eigen seksjon har vi også bistand frå innleigde designarar. Som medarbeidar hos oss vil du derfor jobbe i eit sterkt kompetansemiljø der vi legg vekt på aktiv kunnskapsdeling. Du vil møte ein uformell tone, stor takhøgde og god moglegheit til å utvikle deg både fagleg og personleg. Du blir ein del av eit fagmiljø som brenn for å skape gode løysingar som ikkje berre forenklar og forbetrar kvardagen til folk flest, men også bidrar til å gjere trafikken tryggare.


Vi arbeider i tverrfaglege produktteam og er tett på forretningssida.


Kven ser vi etter?

Vi ønskjer å styrke laget med fleire kollegaer innan UX-design. I denne omgangen søkjer vi etter erfarne designarar. Vi skal byggje eit sterkare kompetansemiljø og du vil få vere med å prege dette saman med ein engasjert og dyktig gjeng.

Vi ser etter deg som er dyktig på å designe gode digitale brukaropplevingar og som er nysgjerrig av natur. Du har eit analytisk blikk, som tar høgde for utviklinga i samfunnet, moglegheitene i teknologien, forventingane frå omverda og korleis dette påverkar oss og dei tenestene vi utviklar. Du har eit oppriktig ønske om å oppnå gode resultat saman med andre og det er eit pluss om du er god til å formidle behov og løysingar på ein inspirerande måte.


Arbeidsoppgåver

  • Alle fasane i designprosessen frå innsikt og brukartesting til implementering
  • Ansvar for å leie/drive designprosessar og initiativ saman med, og på tvers av, team, domene og etat.
  • Gjennomføre innsiktsprosessar for å forstå kundane og behova deira
  • Omsetje brukarbehov til solide konsept, brukarreiser og løysingar
  • Planleggje og fasilitere arbeidsmøte og presentasjonar
  • Utarbeide wireframes og klikkbare prototypar
  • Ivareta universell utforming og bidra med rådgjevande rolle ut mot fagmiljøa
  • Bidra til oppbygginga av designmiljøet, vidareutvikle designsystemet vårt og formidlinga av faget i organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. (Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning).
  • Dokumentert fleire års erfaring frå tilsvarande stilling eller rolle.
  • Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Vi vil legge vekt på at du 

  • er sterk på gjennomføring av designprosessar og metode på ulike nivå
  • har god digital og teknisk forståing
  • har erfaring frå å jobbe med design i større organisasjonar og i produktutviklingsløp med komplekse problemstillingar og mange interessentar
  • har erfaring med å førebu, fasilitere og gjennomføre brukartesting
  • kan utvikle, iterere og vedlikehalde klikkbare prototypar
  • har kunnskap om relevante retningslinjer og standardar for universell utforming
  • har solid erfaring med å jobbe i designverktøy/-program, til dømes Figma

 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).


Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
 
Divisjon IT har eit heilskapleg ansvar for at all digitalisering i Vegvesenet blir gjord framtidsretta, smidig og sikkert på tvers av fagområda til etaten. Divisjonen varetek utvikling av dei digitale kanalane til etaten og tenester, er ein partnar for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Fagsida blir støtta frå idé til realisering, med smidige prosjekt og leveransar.
Divisjonen har fem avdelingar: Styring IT, Utvikling IT, Produkter og tenester IT, Infrastruktur og drift IT, og Brukernær IT. Divisjonen har over 350 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
  • Dr. Hansteins gate 9, 3044 Drammen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon,
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
Design,
Design / Interaksjonsdesign,
IT utvikling / Utvikler (generell)
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

digital designer, interaksjonsdesign, ux design, brukeropplevelser, digitalt design

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Evelyn Iversen
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
97 16 79 18
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
4083 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345163675
Sist endret 22. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse