Inaktiv

Anestesisjukepleiar. 100 % stilling.Vikariat. Dagarbeid.

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar. 100% stilling. Vikariat .Dagarbeid.
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, Heles Bergen, og ligg i Os i Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, samt ryggkirurgi og noko dagkirurgi.

Vi har dagarbeid med fri kveld, helg og høgtider.Operasjonseininga har fire fine operasjonsstover som alle har dagslys.

Vi har ledig vikariat som anestesisjukepleiar frå 29.07.2024 til 06.07.2025. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar er du velkomen til oss.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i preoperativ vurdering, og gje anestesi til elektive ortopediske pasientar
  • Gje god omsorg for pasient i det perioperative forløp
  • Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi vil ha deg som;

  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • er punktleg og påliteleg
  • kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsjer å vidareutvikle kompetansen din
  • trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling i ein god og engasjert avdeling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Anestesi
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

anestesisykepleier, Kysthospitalet i Hagevik, Anestesisjukepleiar, Hagavik

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Saanum Drange
Stillingstittel
Leiar
Telefon
95 14 42 46
Kontaktperson
Turid Hagevik Heggeland
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
56 56 58 22
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Annonseinformasjon

FINN-kode 344902044
Sist endret 6. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse