Utløpt

Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til i nye moderne lokale sentralt på Danmarksplass.

Kronstad DPS er i utvikling. Vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss dei endringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam for spiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi er i ferd med å etablere FACT Allmennteam som første i vår region, og vi er også det einaste DPSet i Helse Vest som har etablert Tidleg Avklaringsteam som har spesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.

Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der overlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og sosionom inngår. Vi har også jobbspesialist frå NAV tilknytta poliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering og psykologstudentar i praksis.

Kronstad Allmennpoliklinikk 1 har ei ledig stilling for psykologspesialist!

Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi, emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar. Poliklinikken har òg fleiretilsette med forskingskompetanse.Totalt treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med varierte vanskar; traume, autismespekter, ADHD, angst, depresjon, personlegdoms-utfordringar m.m.

Stillinga er ledig etter nærare avtale.


Arbeidsoppgåver

  • DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gi pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gi rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp. Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over
  • Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ivareta spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist
  • Som universitetsklinikk har vi jamlegstudentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgivar i nokre tilfelle
  • Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Vise vidare til høgare (t.d. døgnpost), same (t.d. poliklinikk) eller lågare omsorgsnivå (t.d. kommunal helseteneste), er også noko ein ofte gjer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team vert vurdert som særs viktig
  • Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
  • Vi ønskjer oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som også kan vere tydeleg om det trengst
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstende
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Dei som blir tilsett må etter ein heilskapsvurdering vere skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36/Ibsensgate 7, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

psykologspesialist, Poliklinikk, DPS

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Birkhaug
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
92 41 17 15
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36/Ibsensgate 7, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 344106830
Sist endret 25. apr. 2024 13:20

Rapporter annonse