Utløpt

Arealplanleggar- Vil du jobbe med å forebygge naturskade og ivareta miljøet?

Arbeidsgiver
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Stillingstittel
Arealplanlegger
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE)

NVE søker deg som ynskjer å bryne deg på samansette faglege utfordringar innan arealplanlegging. Naturfarehendingar i nyare tid, konsekvensar av klimaendringar og auka fokus på naturfarar i samfunnet gjer dette til eit spennande og viktig fagfelt som er i rask utvikling. Tett kontakt med kommunar og andre styresmakter vil vere ein viktig del av arbeidskvardagen din. Å medverke til god arealplanlegging er ei oppgåve som har høg prioritet i NVE og har fått auka ressursar. NVE søker difor etter ny medarbeidar med kontorplass i Førde.

NVE si rolle innan arealplanlegging omfattar å gi uttale til arealplanar og rettleie kommunane i å ta omsyn til flaum- og skredfare, unngå skadar frå overvatn, og dessutan ivareta vassdragsmiljø og energianlegg. Du vil i utgangspunktet arbeide med saker i Region Vest som omfattar fylka Vestland og Møre- og Romsdal. Du må også rekne med å arbeide med saker i andre deler av landet ved behov.

I seksjon for arealplan i skred og vassdragsavdelinga vil du ha om lag 25 fagleg dyktige kollegaer. Tre av desse vil sitte saman med deg på kontoret i Førde, medan andre vil vera fordelte på NVE sine andre regionkontor og hovudkontoret i Oslo.


Arbeidsoppgaver

  • rettleie kommunar om korleis NVE sine fagområde skal takast i vare i arealplanlegginga
  • behandle og gi uttalar til kommunale arealplanar etter plan- og bygningslova innanfor NVE sine fagområde; flaum, skred, overvatn, vassdragstiltak og energianlegg
  • fagleg samarbeid med andre statlege etatar
  • bidra i utvikling av NVE sitt arbeid med arealplanlegging

Det kan vera aktuelt å bidra i beredskapssituasjonar.

Jobben vil innebera noko reiseverksemd, om lag 10-15 reisedøgn i året.

Kvalifikasjoner

Krav:

  • høgare utdanning med relevante fagområde på masternivå. Relevant bachelor i kombinasjon med relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande master.
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • god formidlingsevne
  • førarkort klasse B

Fordelaktige kvalifikasjonar:

  • erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning, gjerne erfaring frå kommunal saksbehandling, tel positivt men er ikkje krav
  • god innsikt og erfaring med bruk av GIS som verktøy i saksbehandling og analysar
  • arbeidserfaring med arealplanar etter plan- og bygningslova
  • kompetanse i bruk og utvikling av digitale verktøy
  • kompetanse innanfor NVE sine fagområde vil telje positivt, særleg vil vi sette pris på kompetanse knytt til vassdragsmiljø
  • erfaring med prosjektarbeid og arbeid i team, gjerne på tvers av fagmiljø

Personlige egenskaper

Vi søker fagleg engasjert medarbeidar som kan jobbe strukturert og sjølvstendig, men også godt saman med andre. Du har evne til å skape tillit og finne gode løysingar, også når det er mange saker. I jobben er det viktig å samhandle ryddig med både interne og eksterne aktørar. Du må ôg trivst med formidling av fag og deling av kunnskap, det er positivt om du er utadvent. Det er viktig at du bidreg til godt samarbeid og arbeidsmiljø, også med kollegaer på andre kontorstader.

Vi tilbyr

Som medarbeidar i NVE blir du ein del av ein sterk kunnskapsorganisasjon med eit omfattande tverrfagleg miljø. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg og fagleg utvikling. Du kan bli med på utviklingsoppgåver innan arealplanlegging eller andre oppgåver NVE har. Du vil få varierte og utfordrande oppgåver med innverknad på viktige samfunnsområde og ei stor kontaktflate.

Vi har tilbod om trening i arbeidstida, og bedriftsidrettslag der du kan delta i mange ulike aktivitetar saman med gode kollegaer. NVE har ein familievenleg og fleksibel personalpolitikk, og er opptekne av at medarbeidarane våre skal trivast og ha det godt på jobb i alle livsfasar. Du får gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid), og medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår.

Årslønna di vil vere innanfor spennet kr 550 000 – 800 000 i stillingskode som avdelings-/over-/senioringeniør ev. førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (1085/1087/1181 ev. 1408/1434/1364) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte kan høgare lønn vurderast. Endeleg lønsplassering avheng av kvalifikasjonar. Frå løna blir pensjonsinnskot trekt etter gjeldande reglar.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg me til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjere i samsvar med NVE sine gjeldande retningsliner.

I NVE meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Dersom du ynskjer unntak frå den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi varslar deg dersom vi ikkje tek ynsket ditt til følge. Du vil då få høve til å trekke søknaden før offentleggjering.

Ved behov kan det bli gjennomført ein utvida referansesjekk av kandidat(ar) som blir innstilt. Dette inneber ein dokument- og kjeldekontroll for å stadfesta opphav og gyldigheit (m.a. av det som blir oppgitt i CV eller dokument som blir lagde ved).

Om arbeidsgiveren


Vi forvalter Norges vann- og energiressurser til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørge for at strømmen blir levert, holde tilsyn med kraftbransjen, utvikle regelverk og behandle søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.
Vi overvåker og varsler om naturfare for å hjelpe samfunnet med å håndtere flom og skredrisiko. Vi er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driver med forskning.
NVE har over 600 ansatte, med hovedkontoret  i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Vi er et direktorat underlagt Energidepartementet. 
 

Sektor
Offentlig
Sted
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

nve, natur, miljø, areal, planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Leirset
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
22 95 90 40
Kontaktperson
Toralf Otnes
Stillingstittel
Senioringeniør
Telefon
95 87 50 35
Følg firma
1398 følger dette firmaet

Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 343882481
Sist endret 23. apr. 2024 17:08

Rapporter annonse