Utløpt

Vi søker engasjert og kreativ kokk med fagbrev som brenn for sunn og god mat

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vi søker engasjert og kreativ kokk med fagbrev som brenn for sunn og god mat
Frist
17.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar.Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener nærare 2.000 gjester dagleg.

Vi har no ledig ein 100% fast stilling som kokk med fagbrev.

Som kokk skal du vere med og utvikle Café3 og arbeidstida vil vere måndag - fredag på dagtid. Oppstart frå snarast eller etter nærare avtale.

Vi søker etter ein sjølvstendig, fremoverlent og ansvarsbevisst kollega.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Ta del i menyplanlegging.
  • Bestilling og mottak av råvarer
  • Produksjon av varme og kalde rettar
  • Skape og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med leverandørar
  • Sikre god eksponering av våre produkt
  • Legge opp varme rettar i serveringslina
  • Kundebehandling
  • Skape matglede både overfor kollegaer og kundar
  • Anna forefallande arbeid som naturleg høyrer til på ein kafè
  • Sikre at eininga når verksemda sine strategiar og målsettingar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkkunnskapar må kunne dokumenterast.
  • Erfaring frå restaurantbransjen og/eller kantine
  • God kjennskap til data
  • God kjennskap til IK-mat og HMS
  • Løysingsorientert
  • Kjennskap til god økonomi innan kjøkkendrift

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Samarbeidsvillig
  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Evne til å sette seg inn i våre kundar sine ønsker og behov

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Utviklingsmoglegheiter

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kokk, sykehus, mat og servering, kantine, kafé, restaurant

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
René Kaser
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 49 05
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343291941
Sist endret 19. apr. 2024 14:12

Rapporter annonse