Utløpt

Matvert Spisestua. 100% vikariat i 1 år.

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert i Spisestua vikariat
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.Den fremste oppgåva for våre matvertar er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Vi har ledig vikariat i 100% stilling i 1år.
Turnus dag/kveld og fast arbeid kvar 3 helg. Oppstart frå snarast eller etter nærare avtale. Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste medarbeidarar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matvert må pårekne å arbeide i alle våre spisestuer. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode IT-kunnskapar
  • Matfagleg interesse

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

matvert spisestue, matvert sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åge Nilsen
Stillingstittel
Driftskoordinator
Telefon
55 97 45 36
Kontaktperson
Arve Haga
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 74 74
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 343042507
Sist endret 17. apr. 2024 15:44

Rapporter annonse