Utløpt

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Stillingstittel
Fengselsbetjent
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen

Fengselsbetjent

Om stillinga

Vi søkjer fengselsbetjentar til faste stillingar.

Ein fengselsbetjent skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette. Fengselsbetjenten skal delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.


Arbeidsoppgåver

  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort, klasse B

 


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar

Vi tilbyr

•    meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
•    gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse. 
•    bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine

Stillinga vert løna som 0264 fengselsbetjent fra kr. 443 000 - 557 100 etter ansiennitet og kvalifikasjonar

 Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling) 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Søknadane vert vurdert fortløpande.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsførstebetjent Jostein Våge  tlf. 55393759 eller fengselsførstebetjent Phillp Johannnessen tlf. 55393758.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er "Straff som endrar" og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Våge
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent
Telefon
55 39 37 59
Kontaktperson
Phillip Johannessen
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent
Telefon
55 39 37 58
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Annonseinformasjon

FINN-kode 342059485
Sist endret 10. apr. 2024 15:14

Rapporter annonse