Utløpt

Assistent

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent
Frist
10.03.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kirurgisk Serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Per dags dato arbeider 1334 tilsette i klinikken.

Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei nyoppretta avdeling i klinikken og har tre seksjonar. Samla sett består avdelinga sine kjerneområde av å ha ansvar for sikker reingjering, desinfeksjon og sterilisering av medisinsk gjenbrukutstyr (herunder operasjons- og anestesiutstyr) i tillegg til klargjering av operasjonsstover gjennom døgnet, bestilling og mottak av varer, lagerhald og logistikk. Vi har eiga portørteneste som arbeider saman med operasjonsteama om m.a. leiring av pasientar på operasjons-bordet. Klinikken er i endring og avdelina held på å formast.

Det er ledig fast stilling som assistent i Seksjon for Støtte Utpost. Seksjonen tar i hovudsak hand om spesialreinhald av kritisk utstyr som kirurgiske instrument, medisinsk-teknisk utstyr og reinhald av operasjonsstover. Det er ein seksjon der vi bidrar med vår kompetanse inn i operasjonsavdelingar som dagkirurgen, thorax, kvinneklinikken, auge, poliklinikkar, intensiv, akuttmottak, brannskaden, hjertepoliklinikk, radiologisk avdeling, utpost m.fl. Me skal også levera våre tenester i dei nye Glasblokkene som opna i november 2023. Som assistent hos oss vil du få mange varierte oppgåver og få gleda av å arbeide med svært kompetente kollegaer. Støtte Utpost arbeider 2-delt turnus, dvs dag/kveld med helgevakter.


Arbeidsoppgåver

  • Reingjering og desinfeksjon av operasjonsstover, intensivrom mfl
  • Sterilforsyningsoppgåver- hovudsakleg dekontaminering (reingjering og desinfeksjon) av meddisinsk gjenbruksutstyr
  • Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
  • Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og redusere risiko for "flaskehalsar"
  • Oppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og/eller sjukehuset si utvikling
  • Nye oppgåver kan kome til og/eller endrast i takt med sjukehuset si utvikling og behov
  • Rullering på ulike einingar må difor påreknast. Nokre arbeidsoppgåver kan vere fysisk krevande

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i reinhald/eller logistikk er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid men ikkje eit krav
  • Du må kunne enkelt navigere i både web, outlook og word (enkle office program)
  • Kunnskapar i Norsk må dokumenterast (frå vidaregåande eller Bergenstest)

Personlege eigenskapar

  • Du har høg arbeidsmoral
  • Du er punktleg
  • Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
  • Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
  • Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
  • Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
  • Du trivast mellom folk og deler erfaringar med andre
  • Personleg egnethet blir lagt særleg vekt på

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
  • Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Mentor i opplæringsperioden
  • Stipend ved opptak til Fagskule i sterilforsyning
  • Kurs jmf.sjukehuset si kursportofølje
  • Opplæring i bruk av T-doc

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Renhold
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

assistent, sentraloperasjon, renhold, sentraloperasjon, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sylwia Mierzejewska Høgmo
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 79 79 01
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 342033289
Sist endret 10. apr. 2024 12:12

Rapporter annonse