Utløpt

Vil du bli lærling i logistikkfaget på sjukehus?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vil du bli lærling i logistikkfaget på sjukehus?
Frist
01.03.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon ved Helse Bergen HF, og levererikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Mellom anna leverer Hospitaldriftpasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette,reine tekstilar og senger, dagleg reinhald, sikkerheitstenester, sentralbordtenester oginterndistribusjon av post. Hospitaldrift består av 7 einingar og har ca. 800 medarbeidarar.

Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift med ca 130 medarbeidarar. Einingahar tre seksjonar; Pasientrelaterte transporttenester og bildrift, Forsyningsteneste ogMiljøhallen. Einiga har som hovudoppgåver å ivareta pasienttransport, andretransporttenester, forsyningstenester og avfallshandtering.

Hospitaldrift Transport er eit av ledda i Helse Bergen som trengs for at sjukehuset skalfungere 24 timar i døgnet. Vi har fokus på ungdom og fagutdanning i framtida. Våreopplæringsplanar i logistikkfaget inneheld brei opplæring i faget og våre godt kvalifisertemedarbeidarar tar del i opplæringa over heile Haukeland universitetssjukehus.

Vi har tre ledige læreplassar i logistikkfaget frå hausten med varigheit på 2 år. Læreplanen finndu her: Kompetansemål - Læreplan i vg3 logistikkfaget (LOG03-02) (udir.no) eller på vilbli.no.

Stillinga medfører skiftarbeid i turnus på dag, kveld og helg.


Arbeidsoppgåver

  • Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
  • Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset
  • Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
  • Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna
  • Transport av skitne og reine senger
  • Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol.
  • Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere psykisk krevande
  • Stillinga medfører arbeid pt. i 2-delt turnus, dag, kveld og helg

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført VG1 og VG2
  • Studieretning: Transport og logistikk
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Kompetansebevis for truck klasse T1, T2 og T4 er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du er strukturert og nøyaktig
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekommande
  • Du kan utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager,
Logistikk og lager / Truckfører
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Lærlig logistikkfag, lærling, logistikkfag, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Therese Skaar
Stillingstittel
Fagleg leiar
Telefon
92 81 88 46
Kontaktperson
Unni Stensland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 92 15 76
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 341358098
Sist endret 5. apr. 2024 14:36

Rapporter annonse