Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
Universitetet i Bergen
- Frist 05.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for prosjektøkonomi er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB.
Eit strategisk satsingsområde for UiB er å auke den eksternt finansierte prosjektporteføljen som per dags dato er på ca 1,3 milliardar kroner. Som vår nye medarbeidar vil du bli ein del av Seksjon for prosjektøkonomi, som er eit team på 11 medarbeidarar som skal bistå UiB i denne satsinga. Stillinga inngår også i UiBs tverrfaglege BOA-team (Bidrag og Oppdrags Aktivitet - ekstern finansiering) som er ein matriseorganisasjon med medlemmer frå alle dei sentraladministrative avdelingane.
Seksjon for prosjektøkonomi arbeider med økonomioppgåver i alle prosjektfasar, frå mobilisering av søknadsaktivitet til prosjektavslutning, og i samarbeid både med BOA-teamet og fagmiljøa. Ein må ofte jobbe tett med dei vitskapelege tilsette på UiB, og til tider også med forskarar både nasjonalt og internasjonalt, og ein får dermed innsikt i ein del av den interessante forskinga som skjer. I tillegg arbeider seksjonen med generell rådgiving og opplæring innan ekstern finansiering. Stillinga har stor variasjon i arbeidsoppgåver, og det vil være god anledning til å bidra til å løyse spennande og utfordrande oppgåver.
Dei to største eksterne finansieringskjeldene til UiB er Norges Forskningsråd og EU via sine rammeprogram, men universitetet har og ei rekke andre finansieringskjelder innan forsking-, utdanning og innovasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen ved UiB
- Rådgjeving til fagmiljøa i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning
- Vere fagekspert ved UiB på utvalde finansieringskjelder
- Bidra til å vidareutvikle og digitalisere prosessar innafor prosjektøkonomi- og administrasjon
- Opplæring av administrasjons- og prosjektleiarar, økonomar og andre rådgjevarar
- Utarbeide og forbetre rutinar for internkontroll
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonskrav
- Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon fortrinnsvis på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder
- Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
- Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk
- God rekneskaps- og tall-forståing
- God digital kompetanse
- Gode ferdigheiter i bruk av Excel
Ønska kvalifikasjonar
- Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd er ein styrke
- Kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system er ein føremon
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for å jobbe med økonomi og administrasjon i eksternt finansierte prosjekt
- Du er serviceinnstilt og tar initiativ
- Du samarbeider godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
- Du er sjølvstendig og drivande i prosessar når det trengs
- Du trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
- Du vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
Ved vurdering av den best kvalifiserte vil det verte lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr. 615 700 - 759 100 eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr. 657 300 - 821 100 etter avtale avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22, e-post: kari.eidsheim@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323924903
- Sist endret