Fengselsbetjent i ressursteam
Bergen fengsel
- Frist 23.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i eit fengsel med utviklingsmoglegheitar ?
Fengselsbetjent i ressursteam
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer 1 fengselsbetjent til ressursteam.
Ressursteamet består av 5 fengselsbetjentar som skal aktivisera, motivera og fylgje opp isolerte innsette.
Formålet med ressursteamet er å gje eit tilbod om fellesskap og aktivitet som kan motverka isolasjon og eventuelle skadeverknader av isolasjon. Tiltaka må tilpassast individuelt eller i gruppe i forhold til utfordringar og funksjonsnivå som den enkelte innsette har.
Teamet har eit nært samarbeide med avdelinga, helsetenesta og andre faggruppar i fengslet.
Arbeidsoppgåver
- Trygging og oppfølging av nyinnsette, innsette som er isolert og andre med spesielle utfordringar
- planleggje og tilpasse aktivitetar etter den enkeltes behov og evner
- delta i ulike aktivitetar saman med ein eller fleire innsette
- samhandling med helsetenesta og andre faggrupper
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- bachelor i straffegjennomføring
- kompetanse eller erfaring frå arbeid med psykisk syke eller andre livsutfordringar
- kompetanse eller erfaring frå arbeid med aktivisering av menneske
Personlege eigenskapar
- gode evner til å byggje relasjoner og til å ha fokus på jevnleg oppfølgjing
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å tenkje kreativt og finne riktig aktivitet og tilnærmingsmåte til den enkelte innsette i samspel med kolleger, leiing
- og eksterne samarbeidspartnarar
- tålmodig, ansvarsfull og kunne setje grenser
- ha evne til å motivera menneske i vanskelege livssituasjonar
- ha god forståing for tryggleik
personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine
- rettleiing av psykolog
- stillinga har turnus og uniformsplikt
Stillinga blir løna som 0264 fengselsbetjent, kr 460 600 - 557 100 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393645, mob. 99642258
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323912161
- Sist endret