Fengselsbetjentar
Bergen fengsel
- Frist 23.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i eit fengsel med utviklingsmoglegheitar ?
Fengselsbetjentar
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer fengselsbetjentar i faste 100 % stillingar
Bergen fengsel er eit fengsel med ulike avdelingar der arbeidsmetode er tilpassa innsette i varetekt eller dom og i samsvar med progresjon i soning.
Ønskjer du å jobbe i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med spanande og varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er like, så velgjer du Bergen fengsel.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring fra ulike einingar innan kriminalomsorgen
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- treningsrom, gratis parkering, bedriftshelseteneste, velferdslag og kantine
- stillinga blir lønt som 0264 fengselsbetjent ltr. 41 - 57
kr 443 000 - 557 100,- avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsførstebetjent Phillip Johannessesn tlf. 55393758 eller fengselsførstebetjent Jostein Våge tlf. 55393759.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323873286
- Sist endret