
Rådgjevar
Helse Bergen
- Frist 26.10.2023
Rådgjevar
Seksjon for kompetanseutvikling er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har om lag 40 medarbeidarar med kompetanse innan medisin og helsefag, pedagogikk og kompetanseutvikling. Hovudarbeidsområda i seksjonen er planlegging, gjennomføring og evaluering av kompetanseutviklingstiltak, både i samarbeid med avdelingar i sjukehuset, universitet, høgskular, kommunar og andre samarbeidspartar, samt hjelpe leiarar i føretaket innan kompetanse- og utdanningsspørsmål.
Ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon, og vi lyser difor ut eit vikariat med eit års varigheit. Team for digital læring søker etter ein engasjert person som ønsker å styrke arbeidet med innhaldsproduksjon til digitale læringsressursar og Læringsportalen. Læringsportalen er ein kursdatabase der ein kan melde seg på både klasseromskurs og e-læringskurs.
Team for digital læring utviklar digitale læringsressursar for heile regionen, og sit på ansvaret for kursbiblioteket til Helse Vest. Dei digitale læringsressursane vi utviklar består hovudsakleg av opplæringsplanar, opplæringsfilmar og e-læringskurs.
Vi ser etter ein god lagspelar som evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert. Personlege eigenskapar og kompetanse vil bli vektlagt.
Kjerneoppdraget til Team digital læring er arbeid med utvikling, integrering og forvalting av dei digitale læringsressursane i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Innhaldsproduksjon til digitale læringsressursar (til dømes e-læringskurs eller opplæringsvideoar) retta mot medarbeidarar i Helse Vest
- Manusutvikling og formgjeving av digitale læringsressursar
- Prosjektleiing, fasilitering og rettleiing
- Delta i arbeidet med regional brukarstøtte til medarbeidarar ift Læringsportalen
- Filming, fotografering, lydopptak og redigering av desse
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, særs relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanningsnivå
- Kommunikasjon, pedagogikk, journalistikk, tekstforfatting eller anna relevant fagbakgrunn
- Interesse for og erfaring med rettleiing og opplæring
- God kjennskap til og interesse for IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Administrativ erfaring.
Ønskeleg:
- Erfaring med fotografering og fotoredigering
- Erfaring med filming og videoredigering
- Erfaring innan prosjektleiing/prosjektstøtte
- Erfaring med utvikling av e-læring
- Kjennskap til spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik, sjølvstendig og systematisk
- Analytisk og løysingsorientert
- God på nettverksbygging
- Strukturert og leveransedyktig
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Trivast med å arbeide i tverrfaglege team
- Detalj-, kvalitets- og systemorientert
- Serviceinnstilt, fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit års vikariat
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Journalist, Rådgivning, Tekstforfatter
Nøkkelord
Innholdsproduksjon,, kommunikasjon,, E-læring,, Kompetanseutvikling,, Pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323724895
- Sist endret