
Vikar for psykolog ved Regionalt Senter for Høyrsel og Psykisk Helse (RSHP)
Helse Bergen
- Frist 22.10.2023
Vikar for psykolog ved Regionalt Senter for Høyrsel og Psykisk Helse (RSHP)
Ved Regionalt Senter for Høyrsel og Psykisk Helse (RSHP), eining for barn og unge er det ledig vikariat i 6 månader for psykolog. Andre yrkesgrupper med særleg kompetanse for høyrselshemming kan også vere aktuelle for stillinga.
Noreg har eit eige tilbod til høyrselshemma personar med psykisk liding som består av Nasjonal behandlingstjeneste for høyrsel og psykisk helse i Oslo (NBHP), samt regionale tenestetilbod i alle helseregionane. Helse Vest sitt tilbod består av to einingar; eining for vaksne og eining for barn. Dei to stillingane ved eininga for barn er plasserte ved BUP Fana. Senteret har ansvar for utgreiing og behandling av psykiske plager hjå barn og unge med høyrselshemming i Helse Vest sitt opptaksområde. Senteret er del av det tverrfaglege miljøet ved BUP Fana og pasientane får ta i bruk ressursane ved poliklinikken. Arbeidsoppgåvene er betydeleg meir varierte enn i ordinær poliklinikk med alt frå lette og avgrensa problemstillingar til meir alvorlege og samansette plager. Det er sett av tid og ressursar til fagleg fordjupning, nettverksarbeid og samarbeid med dei andre sentera.
Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostikk og behandling
- Undervising, rettleiing og nettverksarbeid
- Andre oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Interesse for pasientgruppa
Personlege eigenskapar
- Trygg og sjølvstendig i møte med pasientar, føresatte og samarbeidspartar
- Meistre norsk og digitale kommunikasjonskanalar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rettleiing og kurs
- Rom for å påverke og utvikle tilbodet
- Eit godt og støttande arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
Nøkkelord
Psykologspesialist,, erfaren, psykolog,, Psykisk, helsevern,
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322848934
- Sist endret