FINNJobbSøkVestlandKinn
Fjord1 AS logo
Fjord1 AS
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Rekneskapsrådgjevar

Heltid ∙ Florø
  • Søknadsfrist 29.10.2023

Har du ekte kjærleik for tall? Vi håpar på ein match!

Ein av våre dyktige medarbeidarar skal innan dei neste åra gå over i ei ny tilværelse etter ei lang karriere hjå oss. For å rigge oss for framtida, og sikre ei god kompetanseoverføring, ynskjer vi å styrke vår regnskapsavdeling med ein engasjert og positiv regnskapsrådgjevar.

Stillinga ligg organisert under økonomiavdelinga som tel om lag 20 flotte og dyktige medarbeidarar. Du vil bli ein del av eit stort kompetansemiljø innan fagfeltet. I Fjord1 trur vi på å investere i våre tilsette si faglege og personlege utvikling. Du kommer til eit støttande arbeidsmiljø og eit utviklande læringsmiljø. Din suksess er vår suksess!

I tillegg til å være operativ, får du også ei analytisk rolle. Du må kunne handtere daglege oppgåver, samtidig som du tar initiativ til å forstå og bidra til overordna økonomiske strategiar og analysar.

Vi har for lengst arkivert ringpermen, og ligg langt framme på system og digitale løysingar. Vi arbeidar kontinuerleg med oppdatering, forbetring og utvikling. Vi håpar at du ynskjer å bidra til styrking og utvikling av vårt regnskapsarbeid. Vi heiar på nye idear, effektive prosesser og innovative løysingar.

Vi ser etter deg som vil vere ein bidragsytar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Du er ein person som evner å heve blikket, sjå samanhengar og det store bildet. Du har evne til å kommunisere godt med dine kollegaer på alle nivå i organisasjonen, være ein rådgjevar og sparrings partner, forstå problemstillingar og formidle løysingar.

Kanskje er vi ein god match? Vi ventar i spenning på din søknad!

Arbeidsoppgåver

  • Prosessforbetring, utvikling og implementering av nye rutinar
  • Kvalitetsikring og intern rapportering
  • Delta i utarbeiding av konsernrekneskap
  • Løpande rekneskapsoppgåver
  • Avstemming og avslutning av rekneskap

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, gjerne innan rekneskap eller økonomi
  • Lang erfaring innan feltet kan kompensere for manglande utdanning
  • Autorisasjon i rekneskap er ein fordel
  • God forståing av system og dataflyt
  • Gode norskkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og målbevisst
  • God på samhandling og kommunikasjon
  • Analytiske evner
  • Sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Ei interessant og sjølvstendig stilling i Norges leiande ferjeselskap
  • Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
  • Dyktige kollegaer, og eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode velferdsordningar

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
  • Sted: Strandavegen 15, 6900 Florø
  • Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Revisjon og kontroll

Nøkkelord

Autorisert, regnskapsfører,, revisor,, kontor,, økonomisk

Spørsmål om stillingen

MS

Malin Steinset

HR Rådgjevar

HG

Håvard Grotle

Rekneskapsleiar

Firmaets beliggenhet

Strandavegen 15, 6900 Florø

Kart
Søknadsfrist: 29.10.2023

379 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med FJORD1 AS

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 322820903
  • Sist endret: 23.10.2023, 16:56
  • Org.nr.: 983472583Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse