
Barne-og ungdomsarbeider
Helse Bergen
- Frist 19.10.2023
Barne- og ungdomsarbeidar
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Tre av barnehagane ligg nær Haukeland universitetssjukehus og Vinterdalen barnehage ligg ved Sandviken sjukehus. Vårt satsingsområde er Livsmeistring og helse, der vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk helse. Vi er anerkjennande vaksne som legg stor vekt gode relasjonar og ein god barnehagekvardag.
Vi har ledig følgande stilling: 100% fast stilling ved Ravnebjerget barnehage frå 11.12.2023. Vi søker ein stabil fagleg og trygg barne- og ungdomsarbeidar, som er motivert for nye utfordringar.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen
- Gi omsorg og ta aktivt del i leik og omsorg med barna
- Medansvar for å skape eit godt psykososialt miljø for barna
- Medansvar for eit godt samarbeidsklima
- Bidra i praktiske arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar /evt annan relevant erfaring innanfor arbeid med barn i barnehage
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og stabil
- Omsorgsfull
- Fleksibel og løysingsorientert
- God kommunikasjons- og samrbeidsevne
Vi tilbyr
- Ein variert, spennande og engasjerende arbeidsag
- Fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn iht. gjeldande overenkomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
Nøkkelord
Barne-, og, ungdomsarbeider,, barnehage,, Ravnebjerget
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322784245
- Sist endret