
Sjukepleiar ved oppvakningsavdelinga - Kysthospitalet i Hagevik
Helse Bergen
- Frist 17.10.2023
Sjukepleiar til 100% fast stilling på oppvakningsavdelinga
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og ligg i Os i Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, samt ryggkirurgi og noko dagkirurgi.
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar på oppvakningsavdelinga.
Oppvakningsavdelinga har døgnope frå måndag til laurdag. Vi har eit godt og stabilt arbeidsmiljø. Stillinga er ledig frå 29.01.2024 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg for pasient i det perioperative forløp
- Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
- Arbeid i tverrfaglege team
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Pasientorientert
- Fleksibel og endringsvillig
- Beslutningsdyktig
- Nøyaktig
- Gode kommunikasjonseevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: 5217 Hagavik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
Sjukepleiar,, sykepleier,, Oppvåkning,, Kysthospitalet, i
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322688657
- Sist endret