Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sentrum
Fristen er utløpt

Kostymeteknikar

Det Norske Teatret

  • Frist 22.10.2023
  • Ansettelsesform Fast

Vil du bli kostymeteknikar ved landets største teater?

Det er ledig ei fast stilling som 

Kostymeteknikar 

Ønskjer du å jobbe i ei kreativ avdeling med høgt tempo saman med dyktige og rause kollegaer? Det Norske Teatret søkjer ein positiv og ansvarsfull kostymeteknikar i 100 % fast stilling. 


Arbeidsoppgåver 

  • Dagleg ansvar for vedlikehald og klargjering av kostymer til alle scener som inkluderer vask, vedlikehald, reparasjon og innkjøp. 
  • Ansvar for å planlegge kostymeplasseringar og gjennomføre kostymeskift under framsyningane 
  • Tett samarbeid med skodespelarar og dei ulike faggruppene på teatret 
  • Hjelpe kostymeverkstaden med ulike saumoppgåver ved behov 

 

Ønska kvalifikasjonar 

  • Vi ser etter deg som har sveinebrev i eit av handverksfaga kostymesyar eller kjole- og draktsyar eller tilsvarande saumkunnskap.  Det er ein stor fordel om du har erfaring frå teater, opera, film eller TV.  

 

Ønska personlege eigenskapar 

  • Du likar å jobbe med menneske og trivast med å jobbe i eit hektisk miljø 
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • God orden og stor arbeidskapasitet 
  • Arbeider sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team  
  • Serviceinnstilt, fleksibel og tolmodig  
  • Merksam og med auge for detaljar 
  • Snakkar godt norsk og kan kommunisere godt på engelsk 

 

Vi tilbyr  

  • Ein spanande og utfordrande jobb med moglegheit for fagleg utvikling 
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit spanande og profesjonelt teatermiljø 
  • Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar 
  • Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn) 
  • Arbeidstida er lagt til en skiftordning
  • Lønn etter gjeldande tariff. 


Ønska oppstart er 1. januar 2024.


Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.  


Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 225 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
  • Sektor: Privat
  • Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
  • Bransje: Kunst og kultur
  • Stillingsfunksjon: Annet

Nøkkelord

søm, kostyme, vedlikehald, kostymeskift

(1/3)

  • Bilde 1 av 3 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 3 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 3 i jobbannonse-galleriet
Det Norske Teatret logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sara Michetti
  • Stillingstittel: Fagavdelingsleiar kostymeavdelinga
  • Mobil: 41 17 55 66
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Ll Det Norske Teatret
  • Hjemmeside

733 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 322537745
  • Sist endret 4.10.2023, 14:21
Rapporter annonse