
Psykologspesialist Psykiatrisk akuttmottak
Helse Bergen
- Frist 31.10.2023
Psykologspesialist Psykiatrisk akuttmottak
Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandviken, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Divisjon Psykisk helsevern. Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
PAM har øyeblikkelig hjelp-ansvar for sjukehusfunksjon innan psykisk helsevern for vaksne i heile opptaksområdet til Helse Bergen. Tilbodet i PAM består i dag av to sengepostar med 10 senger kvar som tilbyr akutt psykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie til personar over 18 år. Opphald i PAM er av kort varigheit, pasientar blir etter endt opphald overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. Psykiatrisk klinikk har lagt til rette for samarbeid og faglege drøftingar. Det er høg kompetanse ved klinikken og fleire av dei tilsette har ulike vidareutdanningar,.Det er regelmessig internundervising, faste faglege forum/spesialistforum der faglege problemstillingar og pasientforløp blir drøfta.
PAM er i ei spennande utvikling med planar for etablering av eit felles mottak for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Årstadhuset på Haukeland i 2027/2028.
Vi har no ledig 100% fast stilling som psykologspesialist ved PAM. Du vil jobbe tett i tverrfaglege team saman med psykiater, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Aktuelle kandidatar må ha vedtakskompetanse etter psykisk helsevernloven og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike lidingar
- Handtere tvang i samsvar med lovverket
- Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap
- Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
- Samarbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernloven
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Erfaring med døgnbehandling
- Erfaring med forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er prosess- og løysingsorientert
- Du skapar gode relasjonar og samhald
- Du er inkluderande og involverande
- Du tåler å stå i krevande situasjonar
- Du arbeider planmessig og strukturert
- Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbode
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
- Krevande og spennande arbeidsoppgåver
- Lønn etter avtale
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
Nøkkelord
Psykologspesialist,, Psykiatrisk, akuttmottak,, PAM,, Psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322384037
- Sist endret