Seniorrådgivar - barnehage og skole
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du den nye kollegaen vår på barnehage/skoleområdet?
Seniorrådgivar - barnehage og skole
Om stillinga
I oppvekst- og utdanningsavdelinga vår, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgivar. Avdelinga følgjer opp Stortinget og Regjeringa sin politikk gjennom saksbehandling, rådgiving, klage- og tilsyn og kompetanse-/kvalitetsutvikling.
Stillinga har eit mangfald av oppgåver innan tilsyn, kvalitetsutvikling samt andre forvaltningsoppgåver på barnehage- og skoleområdet.
Til å utføre desse oppvågene søkjer vi etter deg som har
- høgare utdanning frå høgskole/universitet innanfor barnehage/skole på masternivå. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast med lang og relevant praksis kombinert med anna relevant universitet- og høgskoleutdanning.
- omfattande og relevant erfaring innanfor barnehage/skoleområdet
- samfunnsengasjement, herunder engasjement for barn og unge sine oppvekstsvilkår
- gode samarbeidsevner og som evner å jobbe tverrfagleg
- relevant erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne leiarerfaring
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- har stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk.
Vi tilbyr
- ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
- løn som 1364 seniorrådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.
- fleksibel arbeidstid og medlemskap og pensjonsordning i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % pensjonsinnskott til pensjonskassa.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Nærare opplysningar
Du kan gjerne ta kontakt med direktør Maren Ørjasæter tlf. 71258550/90041063, e-post: maren.orjasater@statsforvalteren.no eller ass. direktør Sissel Birgitte Henriksen Tangen tlf. 71258579/46415008 e-post: sissel.henriksen.tangen@statsforvalteren.no om du ønskjer å vite meir om stillinga eller har spørsmål.
Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr (http://www.statsforvaltaren.no/mr) Du kan også bli litt betre kjent med oss gjennom podkasten vår "For folk og natur" (https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Om-oss/podkast---for-folk-og-natur/) og vi ønsker deg der "velkommen til ope hus! (https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Om-oss/podkast---for-folk-og-natur/ny-podkast-velkommen-til-ope-hus/)"
Søknadsfrist: 15. oktober 2023.
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten på Statens arbeidsgiverportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Eit slikt kryss i jobbsøkarportalen vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk til årsrapporten vår.
Stillinga har stillingsnr. 2313
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundveien 9, 6414 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Førskolelærer, Lærer/Lektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321562885
- Sist endret