Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Øygarden
Fristen er utløpt

Nyoppretta 100 % fast rådgjevarstilling

Øygarden kommune Helse og velferd

  • Frist 9.10.2023
  • Ansettelsesform Fast

Kan du sjå for deg ein jobb der du bidreg til å løyse eit av vår tids viktigaste samfunnsoppdrag?

Vil du bli med på laget vårt så vi saman kan arbeida for å skapa attraktive arbeidsplassar og gode framtidsretta helsetenester?

Rett kompetanse, gode bemanningsplanar, trygge arbeidsstader i gode fagmiljø, og tilsette som trivast i sitt arbeid vil vera avgjerande for å kunne gje innbyggarane gode framtidsretta helsetenester. 

Øygarden kommune har over mange år arbeida med heiltidskultur og tiltak for å behalde og rekruttera helsepersonell. Frå hausten 2023 skal vi arbeida meir målretta og intensivera innsatsen for å oppnå ønska resultat. Rådgjevar innan dette feltet er ei nyoppretta stilling, og arbeid med heiltidskultursatsing vil påverke innhald i stillinga. Stillinga er i stab til kommunalsjef for Helse og velferd, og vi er lokalisert på Straume rådhus.

Våre verdiar er: Stolt- På lag- Modig- Med glød

Vi kan tilby deg:

  • Interessante og varierte oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God kollegastøtte i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid med høve til heimekontor
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

I stab er vi i dag 9 personar med ulik kompetanse innan HR, økonomi, prosjektleiing, utvikling og drift, og alle er knytt opp mot kommunalsjef for Helse og velferd. Vi har god kompetanse og kunnskap om korleis vi kan skapa heiltidskultur, har kjennskap til ulike arbeidstidsordningar, har god oversikt over lov og avtaleverk, og har allereie sett i gang fleire tiltak.

Og no treng vi deg som kan hjelpe oss å med å rekruttera og behalde helsepersonell og tenkje nye tankar kring dette. Vi skal arbeida saman får å nå måla, og er opptatt av å nytte kvarandre sin kompetanse i utvikling av heiltidskultur. Viktige strategiar i arbeidet vil vera å nytte dei ressursane vi har opp mot den kompetansen det er behov for i tenesta, kompetanseheving, omdømebygging, digitalisering, sjå på ulike arbeidstidsordningar og å finne nye gode løysingar.

Har du interesse og erfaring med dette arbeidet vil du vera ei viktig bidragsytar for oss til å påverka heiltidskulturen i Øygarden kommune.

Synast du dette høyrast spennande ut håpar vi at du søkjer på stillinga og blir vår nye kollega.

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant høgare utdanning innan HR/organisasjonspsykologi/marknadsføring eller tilsvarande retning (Deler av utdanningskravet kan kompenserast av lang realkompetanse innan fagfelt personal/HR )
  • God forståing av lov og avtaleverk
  • Erfaring med eit eller fleire område nemnd i utlysingstekst
  • Gode IKT ferdighetar
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Må kunne arbeida strukturert med god gjennomføringsevne

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med endringsarbeid
  • Erfaring med arbeidstidsordningar og bemanningsplanlegging
  • God kjennskap til kommunale tenester, særleg innan Helse og velferd
  • Erfaring med og kjennskap til offentleg sektor og arbeid med heiltidskultur
  • God kjennskap til planlegging av arbeidstid i turnus

Personlege eigenskapar:

  • Du er nysgjerrig på nye måtar å arbeida på
  • Du er sjølvstendig, likar å ta initiativ og er ein pådrivar for utvikling 
  • Du er systematisk, samtidig som du løyser oppgåvene effektivt
  • Du er positiv, yter god service og er fleksibel
  • Du samarbeider godt med andre og er løysingsorientert
  • Personleg eigna til stillinga vil bli høgt vektlagt

Kontaktperson:

Tove Helleland, assisterande kommunalsjef Helse og velferd, Tlf. 99707128,

epost: tove.helleland@oygarden.kommune.no

Anne Heidi Midtun, Fagleiar HR helse og velferd, Tlf. 986 39 579,

epost: anne.midtun@oygarden.kommune.no

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
  • Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
  • Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjevar, Rådgiver, Helsepersonell, HR

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Anne Heidi Midtun
  • Kontaktperson: Tove Helleland
  • Bli kjent med ØYGARDEN KOMMUNE
  • Hjemmeside

428 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 321194293
  • Sist endret 29.9.2023, 08:19
Rapporter annonse