Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden
Fristen er utløpt

Kantor, 2. gangs utlysing

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd

  • Søknadsfrist 16.5.2023

Kantor, 2. gangs utlysing

Vil du bli vår nye kantor i Os sokn?

Stillingsomtale
Vår kantor gjennom mange år trer inn i pensjonistrekkene, og Os sokn søker difor ein engasjert musikkleiar til kyrkjelyden vår. Som kantor hjå oss får du fridom og ansvar til å bruke gåvene og styrkene dine, og du leier eit viktig felt i ein stor kyrkjelyd med mange engasjerte medarbeidarar både i stab og i kyrkjebenkene. Soknet har òg ein organist i 60% stilling.

Os sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Os sokn er geografisk likt tidlegare Os kommune og har arbeid i 2 kyrkjer; Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, samt Tunet kyrkje- og kultursenter. Med sine drøyt 20.000 innbyggjarar er Os eit folkerikt sokn. , og det er tTalet på seremoniar for gravferd/bisettelser ligg rundt 100. I eit normalår arrangerast det om lag 30 vigsler og i overkant av 100 gudstenester.

Soknet har to kyrkjer: Os kyrkje frå 1870 og Nore Neset kyrkje frå 2000. Hovudkyrkja er Os kyrkje, som har eit elektro-pneumatisk orgel av J.H. Jørgensen frå 1957 med 2 manualer og pedal, 20 stemmer (derav 1 unitstemme fordelt over 4 register pluss 3 transmisjoner, totalt 26 register) samt 3 vanlege kopler og 1 supermanualkoppel. Dette orgelet har nok passert middagshøgda og Soknerådet og fellesrådet har starta å sjå på løysingar for å betre orgelet i hovudkyrkja vår. Ein kantor med orgelkompetanse og engasjement for dette vil vere ein viktig ressursperson i dette prosjektet.

Nærkyrkja på Nore Neset fekk i 2002 eit mekanisk orgel av Ryde & Berg med 13 stemmer fordelt over 2 manual og pedal. Begge kyrkjene har i tillegg gode piano, og Tunet huser eit flott flygel av nyare dato i tillegg til akustiske og elektriske piano.

Kantor vil bli tilsett i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd med dagleg leiar i Os kyrkjelyd som næraste overordna og inngå i ein stab på om lag 10 personar, i tillegg til eit tett samarbeid med våre tre prestar samt kyrkjetenarar og andre i driftsavdelinga. Leiinga har fokus på arbeidsglede og sjølvstende i eit aktivt miljø, med balanse mellom jobb og fritid.

Arbeidsoppgåver:

  • Musikalsk tilrettelegging, planlegging og speling ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i soknet sine to kyrkjer samt på institusjonar i lag med prestane og annan organist.
  • Vere ein fagressurs i staben og for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid.
  • Planlegge og gjennomføre konsertar og arrangement
  • Vera pådrivar for og delta i korarbeid i kyrkjelyden

Kvalifikasjonar:

  • Formelle kvalifikasjonskrav i høve tenesteordning for kantorar.
  • Søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert
  • Beherska norsk munnleg og skriftleg. Administrasjonsspråket i Os sokn er nynorsk.

Særskilde krav:

  • Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja
  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til prøvespel.
  • Tilsetting av kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev jfr. Tenesteordning § 5
  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram

Personlege eigenskapar

  • Interesse for gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging
  • Allsidig og trygg, kjent med et breitt spekter av ulike musikalske uttrykk og former
  • Vil vere med å bidra til at kyrkjelyden vert opplevd som open og inkluderande.
  • Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt saman med dei andre vurderingskriteriane

Vi tilbyr:

  • Eit spennande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ulykke- og gruppelivsforsikring
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor

Vi ønsker å særskild oppmode menneske med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til fellesskapet. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om arbeidsgiveren

    
  • Sted: Øyro 49, 5200 Os
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sigurd Rotvik Tunestveit
  • Stillingstittel: Dagleg leiar Os sokn
Send melding
  • Kontaktperson: Roar Hallesby Evjedal
  • Stillingstittel: Sokneprest i Os
Send melding
  • Kontaktperson: Hans Einar Markhus
  • Stillingstittel: fung. kyrkjeverje Bjørnafjorden
Send melding
  • Hjemmeside

192 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Øyro 49, 5200 Os

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 300411609
  • Sist endret: 25.4.2023, 11:01
  • Org.nr.: 985360421Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse