Utløpt

Er du klar for ein givande sommar?

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Er du klar for ein givande sommar?
Frist
05.03.2023
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 800 medarbeidarar, og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsynings-tenester og varemottak. Vi lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Vi reingjer tekstilar og senger, utfører det daglege reinhaldet og andre reinhaldstenester. Vi driv òg eit kurs- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.

Kvar sommar treng vi flinke og engasjerte sommarvikarar til å oppretthalde dagleglivet i sjukehuset. For å gjere det enklare for deg som søkar, har vi felles rekruttering til alle einingane i Hospitaldrift, unntatt Reinhald. 

Du må oppgje i søknaden i prioritert rekkefølge på kva avdeling/eining du ønsker å arbeide og i kva periode du kan arbeide. Søkarar må fylle 18 år innan 2023 og kunne jobbe i minimum 4 veker. Ferieperioden i Hospitaldrift strekk seg frå veke 25 til 33, og dei søkarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte.

Dei fleste einingane i Hospitaldrift har turnusarbeid, hovudsakleg på ettermiddag, kveld og helg. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norskkunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig. 

I år har vi ledige sommarvikariat ved desse einingane (antall ledige vikariat i kvar eining er oppgitt i parantes):

Transport
-  Forsyningsportør (10) - Særskilde krav; ønskeleg med truckførarbevis T1
-  Portør (7) - Særskilde krav; førarkort kl. B, ønskeleg med truckførarbevis T1 og førstehjelpskurs

Sentralforsyninga - varemottak og hovudlager (2)  - Særskilde krav; ønskeleg med erfaring frå lagerarbeid, må kunne arbeide 7 veker i perioden veke 26-32

Matforsyning treng sommarvikarar til følgande oppgåver:
-  Matvert i Spisestuene (20) ; dei fleste er lokalisert på Haukelandsområdet med vi har også spisestuer på Nordås og Klokkarvik
-  Kjøkkenassistent i Sentralkjøkkenet (6)
-  Medarbeider i cafe/kantine (1)

Tekstilforsyning (17) - treng sommarvikarar til pakking av personal- og pasienttøy, levering av tøy, og produksjon av personal- og pasienttøy

Dersom du ønsker å søke på stilling som sommarvikar hos Hospitaldrift Reinhald, må du søke når annonsa blir lagt ut 10. februar 2023.  

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du arbeidar godt i lag med andre, og tar ansvar for at jobben blir gjort skikkeleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
62
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Transport og sjåfør,
Logistikk og lager / Lagermedarbeider

Nøkkelord

Logistikk,, Ernæring,, Transport,, Vekter,, Kjøkken

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Catrine Lohne
Stillingstittel
Transport
Telefon
91 31 21 16
Kontaktperson
Evy Førland Sander
Stillingstittel
Matforsyning - Sentralkjøkken
Kontaktperson
Christine Grimstad
Stillingstittel
Tekstilforsyning
Telefon
55 97 48 80
Kontaktperson
Tove Kvam
Stillingstittel
Sentralforsyninga
Telefon
55 97 20 83
Følg firma
2254 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 289226805
Sist endret 27. jan. 2023 14:05

Rapporter annonse