Sekretær/helsesekretær

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sekretær/helsesekretær
Frist
07.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har sju allmenne poliklinikkar, to spesialiserte poliklinikkar, tre sengepostar, og ambulante tenester. Tilbod til lavfrekvente pasientgrupper er organisert i tyngepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.  

BUP Sentrum er ein allmennpoliklinikk som held til i Bergen sentrum. Der er omkring 12 000 barn i opptaksområdet, som omfattar barn og unge frå Bergen kommune ved Årstad og Bergenhus bydelar. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Seksjonen har tre team samt klinikkovergripande tyngdepunkts-funksjonar for spiseforstyrringar og for sped- og småbarn. 
 
Vår kontorfaglege koordinator sluttar, og vi får dermed ledig ein fast stilling som sekretær/helsesekretær med tenestestad BUP Sentrum. For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Generelt resepsjonsarbeid med mellom anna mottak av pasientar og telefonservice
  • Koding og registrering i pasientadministrasjonsverktøyet DIPS Arena og andre fagsystem
  • Diverse kontorarbeid, mellom anna rydding i rapportar, skanning av dokument og skåring av ulike kartleggingsverktøy
  • Sekretær på interne møte i poliklinikken
  • Anna forefallende kontorarbeid
  • Anna praktisk arbeide i poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Kontorfagleg utdanning, helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
  • God generell datakunnskap.
  • Ønskeleg med erfaring med DIPS pasientsystem, LIBRA, Elements og andre fagsystem
  • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Du behandlar pasientar og kollegaer profesjonelt og empatisk
  • Du trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt arbeidstempo
  • Du er punktleg, nøyaktig, påliteleg og strukturert
  • Du likar både å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er fleksibel og likar varierte utfordringar
  • Du har evne til omstilling og å lære nye elektroniske datasystem
  • Det er helt nødvendig med særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement
  • Opplæring etter behov
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.   

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kontor og administrasjon / Sekretær

Nøkkelord

Spesialisthelsetjeneste,, merkantil,, kontofaglig,, BUP,, sekretær

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Andreas Hovda
Stillingstittel
Leiar
Telefon
975 75 085
Kontaktperson
Mona Park
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Telefon
905 48 538
Følg firma
1829 følger dette firmaet

Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288779549
Sist endret 23. jan. 2023 15:42

Rapporter annonse