Utløpt

Vil du jobbe som Miljøgeolog på Sotrasambandet?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Vil du jobbe som Miljøgeolog på Sotrasambandet?
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Statens vegvesen har ei ledig stilling som miljøgeolog i den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet.

Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS), dvs. at leverandøren skal finansiere, prosjektere, bygge og drifte vegstrekningen. Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og kjem til å ha om lag 1000 personar i arbeid når anlegget er i full drift frå 2023.

Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag tretti medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.


Vegsystemet som skal byggjast ligg vest for Bergen og består av ca. 10 km veg. Prosjektet inkluderer fire tunnelar, fleire kompliserte kryss, ny firefelts hengebru (Nye Sotrabru), 22 betongbruer og 19 kulvertar. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027.


Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.

Miljøarbeid i Statens vegvesen
Vi har ansvaret for å bidra til dei delene av regjeringen sin miljøpolitikk som berører vår sektor. Dette betyr at ytre miljø skal ivaretakast i heile livsløpet til vegen.

Ytre miljø er eit tverrfagleg begrep som omfattar:
* forurensing av jord og vann
* naturressursar
* materialval og avfallshåndtering
* klimagassar og energiforbruk
* naturmangfald
* landskap
* kulturmiljø
* byliv og friluftsliv
* luftforurensing
* vibrasjonar
* støy

Arbeidsoppgåver

  • oppfølging av miljøgeologiske forhold i kontraktsperioden
  • følgje opp og ha ettersyn av nødvendig utstyr for kontrollvirksomheit i kontraktsperioden
  • bistå med å saksbehandle tekniske avklaringar i kontraktsperioden
  • kontroll av prosjektering og utførelse mot regelverk, handbøker og vegnormalar
  • koordinering mellom prosjektet, andre interne avdelingar og tredjepartar
  • sikre at miljøforhold blir ivareteke opp mot drift og vedlikehald

Kvalifikasjonskrav

  • 5-årig utdanning frå universitet eller høgskule innan geofag eller tilsvarande.
  • ønskjer erfaring med feltarbeid og bruk og vedlikehald av nødvendig utstyr, men nyutdanna våren 2023 vert også oppfordra til å søke
  • førarkort klasse B

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)

Vi vektlegg at du er

  • strukturert, initiativrik, løysingsorientert og sjølvgåande
  • har stor arbeidskapasitet, etterretteleg og kan jobbe tverrfagleg
  • har gode kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk
  • evner å følge opp entreprenør og rådgivarar i detalj

Stort engasjement og fagleg fordelane
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • interne studier og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.

Vi ber om at du registrerar utdanninga di og yrkeserfaring, samt at du legg ved relevante vitnemål og attestar.

Kontaktperson

Ta kontakt med fungerande prosjektleiar Lene Sælen Rivenes på telefon 93227521 om du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene.



Om arbeidsgiveren

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

Sektor
Offentlig
Sted
5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Miljøtjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Sælen Rivenes
Telefon
93 22 75 21
Kontaktperson
Lene Sælen Rivenes
Stillingstittel
Fungerande prosjektleiar
Telefon
93 22 75 21
Følg firma
4101 følger dette firmaet

5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288036255
Sist endret 2. feb. 2023 23:35

Rapporter annonse