Utløpt

Vil du jobbe som jurist i ei av Noregs mest spennande statlege verksemder?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Stillingstittel
Jurist
Frist
11.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med STATSFORVALTAREN I MØRE OG ROMSDAL
Om stillingane - stnr 2223

Bli kjent med Statsforvalteren i Møre og Romsdal (https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/)

Er du ein jurist med eller utan arbeidserfaring? Har du lyst til å jobbe med rettstryggleik?  Vi er ei statleg verksemd med oppdrag frå alle departement.

Hos oss vil du få ei heilskapleg forståing av rolla vår i samfunnet, og du vil få høve til å jobbe innan ulike fagområde. Dette gir stor moglegheit for læring innan mange av fagområde våre som plan og bygningsrett, kommunalrett, forureining, helse- og sosialrett, landbruk, barnevern, barnehage og skole. Dei 26 juristane våre arbeider saman med mange som har annan bakgrunn enn dei sjølve.

Har du interesse for god offentleg forvaltning og godt språk? Ønsker du å jobbe i eit aktivt og fagleg arbeidsmiljø med kollegaer i alle aldrar? Kan du kjenne deg igjen i verdiane våre; engasjert, rettferdig, open og kompetent? Vil du samarbeide med oss for å nå visjonen vår om ei trygg framtid for folk og natur i Møre og Romsdal?

Vi har no ledige stillingar for juristar i justis- og verjemålsavdelinga vår.

I avdelinga jobbar vi med å avgjere klage på kommunane sine vedtak innanfor plan og bygningsrett, innsyn og alkohollov. Vi behandlar også saker om verjemål, rettshjelp, separasjon og skilsmisse. Vi jobbar tett opp mot mange aktørar frå kommunar til departement. Du vil også få anledning til å jobbe med rettleiing, lage webinar og halde foredrag. Du vil jobbe med eit dyktig og engasjert fagmiljø i ryggen. Vi har i dag 8 juristar i ei avdeling med 23 tilsette.

Ta gjerne kontakt med direktør Tone Monsen Aarø, tlf. 71 25 85 50/90 70 19 79, e-post: tomaa@statsforvalteren.no eller assisterande direktør Ann Lilly Inderhaug Orvik, tlf. 7125 85 35/95 92 14 10, e-post: fmmranov@statsforvalteren.no om du har spørsmål om stillingane.


Kva kompetanse er viktig i desse jobbane?
  • Du må ha master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen. Om du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om at autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT følgjer søknaden din.
  • Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.
  • Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller nokre av fagområda våre.
  • Du må ha god digital kompetanse.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling.
  • Du kommuniserer godt både med offentlege instansar og brukarane våre.
  • Du ser moglegheiter for utvikling og forenkling av fagområdet for til ei kvar tid å løyse oppgåvene våre på ein best mogleg måte.
  • Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar

Kvifor skal du velje oss?

Vi kan freiste med moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som har stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og du får i stor grad høve til å planlegge eigen arbeidsdag. I podkasten vår ønsker vi deg velkomen inn i ope hus! (https://www.statsforvalteren.no/opehus)

Du møter mange som kan noko anna enn deg og som du kan lære av. Det ligg godt til rette for kompetanseutvikling, ettersom vi har juristar i alle avdelingane. Vi har også velferdsaktivitetar som gjer at vi kjende med kvarandre på tvers av kva avdeling vi jobbar i.

Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får eige kontor, fleksitid og du kan trene litt i arbeidstida.

Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret, men ein kan inngå avtale om noko heimearbeid når arbeidsoppgåvene ligg til rette for det.

Vi har kontorstad i Molde som ligg fint til blant fjell og fjord. Kommunen som har 32.000 innbyggarar, har gode kulturtilbod, idrettslag og foreiningar og elles alt vi treng rundt oss.

Du blir tilsett som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.

Du vil få medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Det vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa frå løna di.

Tilsetting hos oss skjer etter gjeldande lover, instruksar og reglement. De 6 første månadene er prøvetid. 

Som tilsett hos oss, må du rekne med å kunne bli tillagt andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren sitt ansvarsområde, avhengig av kva oppgåver som til ei kvar tid er prioritert og kva erfaring/kompetanse du har. Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og som tilsett må du være open for endringar både i organisering, oppgåver og ansvarsområde.


Søknaden din

Du må søkje elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar. Du må gjerne skrive noko om kompetanse og interesser i forhold til fagområda i søknaden din.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.

Vi meiner inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuelle tilretteleggingar kan vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møbler eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om vi får kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrar bakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, er det nokre krav som må oppfyllast. Du kan lese meir her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.

Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og distriktsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Julsundveien 9, 6414 Molde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Følg firma
36 følger dette firmaet

Julsundveien 9, 6414 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 282657957
Sist endret 1. des. 2022 11:39

Rapporter annonse