Utløpt

Anestesioverlege

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig fast stilling som overlege, anestesi
Frist
31.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Voss sjukehus har ledig fast stilling for overlege anestesi. Ta kontakt med avdelingsoverlege Ralf Teetzmann eller med direktør Voss sjukehus Olav Lødemel om du er nyfiken på kva som er mogleg å få til.

Anestesilegane har ansvar for Operasjonsavdelinga med 4 operasjonsstover, Akuttmottak og Intensivavdelinga i tillegg til ei oppvakningsavdeling som ligg i kirurgisk dagpost. Den operative aktiviteten har dei siste to åra vore rundt 2900 inngrep innanfor gastrokirurgi, ortopedi og gynekologi/ obstetrikk.

Fødeavdelinga har i underkant av 450 fødslar i året. Det er 36% fødeepidural ved vaginale forløysingar. Det er 5 fast tilsette gynekologar på Voss sjukehus.

Søknadane blir behandla fortløpande med frist innan 31.10.2022

Litt om Voss sjukehus: Voss sjukehus er ein del av Helse- Bergen, og er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 30.000 innbyggjarar i Indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Sjukehuset har akuttberedskap innanfor kirurgi, føde, gynekologi, indremedisin og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapi, og laboratorium med blodbank. Det er omlag 400 tilsette ved sjukehuset.

Voss sjukehus har hatt god aktivitetsvekst gjennom mange år, og har mål om  å fortsette den positive utviklinga. Ein samla utviklingsplan, "Voss sjukehus 2035", er under arbeid. Det er konkrete utviklingsplanar med nybygg som vil gi fantastiske moglegheiter for akuttforløpa våre, nye operasjonsstover, nytt kirurgisk poliklinikkareal og sterilsentral.

Litt om Voss:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Anestesien ved Voss sjukehus er allsidig
  • Sist år hadde vi 2900 operasjonar samt 200 sedasjonar til gastro- og koloskopi samt andre prosedyrar som t.d elektrokonvertering
  • Du får stor erfaring med anestesi til overvektige då vi har ansvaret for kirurgi for sjukeleg overvekt i Helse Bergen
  • Anestesilegane har ansvar for obstetrisk anestesi med smertelindring til fødande, anestesi til sectio samt ansvar for resucitering av nyfødde som del av vårt nyfødd-team
  • Du vil bli svært kompetent i ultralydsrettleia nerveblokk av ulike typar
  • Vår intensivavdeling tar seg av pasientar frå alle avdelingar på sjukehuset med eit utvida behov for overvaking og aktiv behandling. Vi samarbeider tett med kollegaer på medisinsk og kirurgisk side
  • Vi har respiratorkapasitet, men ikkje til langvarig behandling. Vi samarbeider av den grunn tett med intensivmedisinsk seksjon på HUS og overfører pasienten dit om pasienten har behov for det

Kvalifikasjonar

  • Du har brei erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk
  • Du oppsøkjer og har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner
  • Du har norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. Søkjarar som ikkje er ferdig spesialist ved tilsetjingstidspunktet vil og bli vurderte
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Det er sjølvsagt bra om du har APLS-kurs, ATLS-kurs eller tilsvarande
  • Det blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ein aktiv haldning til å skaffe seg ny og moderne kompetanse som til dømes innanfor ultralydsrettleia blokkadar        

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrer høgt tempo
  • Du trivast med å arbeide klinisk med vanleg anestesi både på dagtid og på vakttid              

Vi tilbyr

  • Fagleg og kollegialt godt miljø
  • Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle kompetansen sin
  • 5-delt vaktordning
  • Individuell tilpassing av arbeidsplan ved behov
  • Moglegheit til hospitering på andre avdelingar i Helse Bergen etter avtale
  • Hjelp med å finne bustad/hybel          

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege

Nøkkelord

Overlege,, anestisi,, anestesiologi,, Voss, sjukehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ralf Teetzmann
Stillingstittel
Avdelingsoverlege
Telefon
56 53 35 00
Kontaktperson
Olav Lødemel
Stillingstittel
Direktør
Telefon
56 53 36 78
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 16, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 275054965
Sist endret 30. sep. 2022 12:51

Rapporter annonse