Utløpt

Lege i spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering - vikariat

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Lege i spesialisering i i fysikalsk medisin og rehabilitering
Frist
16.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ein av våre dyktige legar skal ut i permisjon, og vi har ledig vikariat for lege i spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering i 12 månader med moglegheit for forlenging. Ønska oppstart 01.01.2023, eller etter nærare avtale. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga, institusjonsteneste for spesialiteten allmennmedisin eller som relevant sideutdanning. For vikariat kan Cand.med. og søkje og bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar. 

Har du lyst til å gjere ein forskjell for pasientar som treng rehabilitering etter skade eller sjukdom? 

Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, som vil ha deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar og variasjon. LIS vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram for LIS. 

ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå i kvardagen. Hos oss får du samarbeide med medarbeidarar frå dei fleste helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. 

Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Klinikken gir spesialiserte tilbod og tenester til personar med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering/habilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelsetenesta inkludert psykisk helsevern, og førstelinjetenesta. 

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering held til på Nordås og gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettskadar/-smerter m.a. Vi har for tida totalt 17 legar inkludert LIS.

Klinikken er inne i ein spennande utviklingsfase med mange pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytta til nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk
  • Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar
  • Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring
  • LIS deltar i praktisk undervising av medisinarstudentar
  • Inngå i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering
  • For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar
  • Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering
  • Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta kan vere ein fordel 
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid
  • God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Evne til å vere målretta og fleksibel, og vilje til nytenking
  • Ønskjer å vidareutvikle kompetansen din og bidra i fagutvikling og forsking  
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Tolmod og evne til å jobbe langsiktig og kan også handtere travle og akutte situasjonar
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø 
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS,
Lege

Nøkkelord

Lege, i, spesialisering,, Fysikalsk, medisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Agnete Erdal
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 91 84 00
Kontaktperson
Eirik Vikane
Stillingstittel
Avdelingsoverlege
Telefon
55 91 84 44
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Annonseinformasjon

FINN-kode 274930706
Sist endret 29. sep. 2022 12:25

Rapporter annonse