Utløpt

Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/Spesialvernepleiar til fast stilling
Frist
10.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Seksjon S4 er ein lukka psykosepost med 12 sengeplassar lokalisert på Sandviken Sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad/anna behandlingstilbod. Hjå oss vil du ta del i ein variert arbeidskvardag, kor vi legg vekt på trivsel, mangfald og fagleg utvikling. Hjå oss er ingen dagar like.

S4 er ein spennande og lærerik arbeidsplass der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsgruppa er ung og engasjert og fleire av dei tilsette har vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

Vi har ledig 100% fast stilling som spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, p.t. kvar 3. helg med turnus på dag/kveld. Tiltreding frå snarast eller etter nærare avtale. Vi tilstrebar å spegle samfunnet ellers ved å tilsetje menneske med ulike kjønn, kulturar og aldre i avdelinga vår.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar/vernepleiar jobbar i team med mellom anna psykiater, psykolog og sosionom
  • Arbeidet varierer mellom sjukepleiar/vernepleiaroppgåver og miljøterapautiske oppgåver i ledd av behandlinga og utreiinga av mennesker med akutt psykoseliding
  • Sjukepleiar/vernepleiar har ansvarsvakt og fordeler daglege arbeidsoppgåver, samt er brannansvarleg
  • Vi ønskjer at du bidrar til vår gode postatmosfære med omsorg, støtte og struktur
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleier med relevant vidareutdanning innan rus og psykiatri
  • Søkjar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner og like ein uforutsigbar og spennande arbeidskvardag

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
  • Vi ønskjer fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må vere ansvarsbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar
  • Du må ønskje og evne å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagutvikling og internundervising
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Opplæring i MAP
  • Kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri

Nøkkelord

spesialsjukepleiar,, spesialsykepleier,, spesialvernepleiar,, spesialvernepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Dale
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Telefon
55 95 88 48
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274167647
Sist endret 23. sep. 2022 18:21

Rapporter annonse