Utløpt

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen søkjer etter fysioterapeut til oppstart av ny ROP-sengepost

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fysioterapeut til oppstart av ny ROP-sengepost
Frist
12.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Som ein del av Helse Bergen si satsing på Fagleg integrasjon psykisk helsevern og rusmedisin blir det oppretta eit spesialisert behandlingstilbod til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. Ønskjer å vere med å etablere eit nytt og spennande tilbod for denne pasientgruppa?  
 
ROP-sengeposten skal gi tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig. Dei fleste vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, mellom anna kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar både før og etter innlegging i døgnposten. Teamet rundt pasienten skal arbeide recovery-orientert med ein heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der man er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. Rettleiing og kompetansebygging overfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, både i høve til andre einingar i spesialisthelsetenesta, og overfor kommunane. Den faglege profilen til sengeposten vil ha fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging for både sin rusavhengigheit og psykiske liding av same team. Fokus på somatisk helse og levevanar vil også vere ein svært viktig del av behandlinga.  
 
Sjå nettsida vår for meir informasjon om ROP-eininga og ROP-forløp i Helse Bergen.
 
Sengeposten vil vere lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandviken-området og er ein del av Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.  
 
ROP-sengepost skal starte drift i januar 2023 og i den samband søkjer vi etter en engasjert og initiativrik fysioterapeut til 100% fast stilling. Stillinga vil i hovudsak vere knytta til ROP-sengeposten, men vil vere ein ressurs for heile klinikken. Vi søkjer ein fysioterapeut som har eit engasjement for pasientgruppa, som tenkjer helsefremmande og ressursmobiliserande og som samarbeider godt i tverrfagleg team.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i det tverrfaglige behandlingsteamet rundt den enkelte pasient  
  • Hjelpe pasientene til å bli betre kjend med kroppens reaksjonar og kva dei kan vere uttrykk for. Samt hjelp til auka kontakt med eigne følelsar, behov og grenser 
  • Kartleggje pasientanes kroppslege utfordringar og ressursar, og bidra med innspel til utforming av behandlingsmål og korleis desse kan oppnås 
  • Leie og utvikle arbeidet med treningsterapi og fysisk aktivitet som ein viktig del av behandlinga 
  • Ha ansvar for utvikling og hensiktsmessig bruk av sanserommet i avdelinga 
  • Bidra til å gi pasientane auka trivsel, livsglede og betre funksjon i kvardagen gjennom fysisk aktivitet og betre evne til å forstå/regulere eigne kroppslege reaksjonar, samt leggje til rette for at pasientane opprettheld gode vanar
  • Lage plan for vidare fysisk aktivitet etter utskriving og bistå med kunnskapsoverføring til aktuelle samarbeidspartnarar
  • Undervising overfor pasientar, personale og samarbeidspartnarar mellom anna for å auke forståing for kroppens forsvar og reaksjon på ytre og indre påkjenningar i livet 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i fysioterapi 
  • Vidareutdanning innan psykomotorisk fysioterapi vil vere ein fordel 
  • Erfaring med treningsterapi individuelt og i gruppe 
  • Erfaring med pasientar med psykisk liding og rusliding 
  • Erfaring/utdanning innan behandling av traumepasientar 
  • Erfaring med tverrfagleg arbeid vil vere ein fordel 
  • Førarkort klasse B er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Du er god til å sjå og hente fram pasientens eigne ressursar 
  • Du er fleksibel og kreativ 
  • Du er innovativ, tør å tenkje nye tankar 
  • Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø  
  • Du kommuniserer og samarbeider godt  
  • Du er motivert, opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert  
  • Du har engasjement for pasientgruppen, og ønskjer å bidra i etableringa av eit tverrfagleg spesialisert tilbod til pasientgruppa 
  • Du er robust og takler å hjelpe mennesker i sårbare situasjonar 
  • Du har god relasjonskompetanse og forståing for korleis relasjon er ein viktig del av behandlinga  
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team  
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og takle stressande situasjon 
  • Du må ønskje og evne å motta rettleiing  

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb der du er med på utforminga av aktivitetstilbodet til ROP-pasientar  
  • Varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar  
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst  
  • Fagutvikling og internundervising  
  • Samarbeid med andre fysioterapeutar og treningsterapeutar i Psykiatrisk klinikk 
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø  
  • Kompetanseplan med vekt på valdsrisiko, traumeforståing, kognitiv miljøterapi, Motiverande intervju og kunnskap om rus- og psykiske lidingar 
  • Opplæring i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk  
  • Kompetente medarbeidarar  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling  
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Fysioterapeut

Nøkkelord

Fysioterapi;, Psykomotorisk, fysioterapeut;, rus, og

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Toppe Aarlie
Stillingstittel
Ass seksjonseiar
Telefon
97 61 74 75
Kontaktperson
Roger Atle Wæhle Kårstad
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
95 82 33 36
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274164371
Sist endret 23. sep. 2022 17:54

Rapporter annonse