Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
14.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for kompetanseutvikling er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har om lag 40 medarbeidarar med kompetanse innan medisin og helsefag, pedagogikk og kompetanseutvikling. Hovudarbeidsområda i seksjonen er planlegging, gjennomføring og evaluering av kompetanseutviklingstiltak, både i samarbeid med avdelingar i sjukehuset, universitet, høgskular, kommunar og andre samarbeidspartar, samt hjelpe leiarar i føretaket innan kompetanse- og utdanningsspørsmål. 

Team for digital læring søkjer etter ein engasjert person som ønskjer å styrkje arbeidet med Kompetanseportalen. Kompetanseportalen er eit IKT-verktøy som blir nytta til dokumentasjon av kompetanse og identifisering av behov for opplæring, samt vidareutvikling av medarbeidar og dokumentasjon av spesialistutdanning for legar. Vi ser etter ein god lagspelar som evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert.  

Kjerneoppdraget til Team for digital læring er arbeid med utvikling, integrering og forvalting av dei digitale læringsressursane i Helse Vest. 

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til systematikk og utvikling av opplæringsplanar for ulike yrkesgrupper. 
  • Samarbeide med andre sjukehus i Helse Vest om felles opplæringsplanar. 
  • Delta i arbeidet med nasjonal og regional brukarstøtte til ulike grupper medarbeidarar inkludert legar i spesialisering. 
  • Bidra til utvikling- og forbetringsarbeid relatert til Kompetanseportalen. 
  • Forvaltingsoppgåver knytt til Helse Vest sine system innan læring og kompetanse. 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning eller anna relevant utdanning på minimum bachelor-nivå
  • Interesse for og erfaring med rettleiing
  • God kjennskap til IKT-verktøy
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Erfaring innan prosjektleiing/prosjektstøtte er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg
  • Erfaring frå UH-sektor er ønskjeleg

Utdanning:

  • Høgskule/universitet, diplom-/bachelorgrad 
  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad 

Personlege eigenskapar

  • Er initiativrik, sjølvstendig og systematisk
  • Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 
  • Trivast med å arbeide i tverrfaglege team
  • Bidrar til gode samarbeidsrelasjonar
  • Analytisk og løysingsorientert
  • Detalj-, kvalitets- og systemorientert
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100% 
  • Lønn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Database,
IT utvikling / Utvikler (generell)

Nøkkelord

Rådgjevar,, Kompetanseportalen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frøy Johnsen
Stillingstittel
Teamleiar Digital læring
Telefon
47 62 31 29
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 274161678
Sist endret 23. sep. 2022 17:30

Rapporter annonse