Utløpt

Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar. Felles utlysing for Divisjon psykisk helsevern

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar. Felles utlysing for Divisjon psykisk helsevern
Frist
14.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen er Vestlandets største og viktigste arbeidsplass og treng dyktige og engasjerte vernepleiarar og sjukepleiarar som kan jobbe ved avdelingar innan Divisjon Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. 

Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod. Les meir på våre nettsider  

  • Avdeling alderspsykiatri har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, pt todelt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Akuttpost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, p.t. kvar 4.helg
  • Psykiatrisk akuttmottak PAM2 har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, pt. todelt turnus (dag/aften) og med pt. kvar tredje helg 
  • Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 100% fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiar, pt. todelt turnus (dag/aften) med kvar tredje helg
  • Avdeling for Stemningslidingar S1 har ledig 100% fast stillings som vernepleiar eller sjukepleiar, pt. 2 delt turnus (dag og kveld) hver tredje helg
  • Spesialisert psykosebehandling S4 har ledig 100% fast stilling som vernepleiar eller sjukepleiar, pt. todelt turnus (dag/aften) og med kvar tredje helg 
  • Bemanningssenteret i Helse Bergen søkjer vernepleiar og sjukepleiar til 100% faste stillingar for oppdrag ved ulike avdelingar i sjukehuset


Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer og prioritert rekkjefølgje. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.

Seksjon for alderspsykiatri utgreiar og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar, der 8 senger er i ei open eining og 4 senger er i ei lukka eining. Seksjonen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere; Utgreiing, observasjon og behandling av eldre menneske med alvorleg psykisk sjukdom. Rettleie, gje støtte og omsorg til pårørande. Vi ser etter ein medarbeidar som tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av din kompetanse, søkjer aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense. Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press. Du er løysingsorientert, fleksibel og god evne til samarbeid og du har stort fagleg engasjement og er kunnskapssøkjande.
Kontakt: Carina Orvedal Lønne, Tlf. 55974535

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Akuttpost er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Målgruppa vår er barn/ungdom i alderen 0-18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig, på foreldresamtykke eller under tvang. Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling.
Akuttposten er for tida i ei prosess med implementering av kognitiv miljøterapi. Denne prosessen ønskjer vi at du skal vere med på. Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg og erfaring innan psykisk helsearbeid.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.    
Kontakt: Nina A. Auro, Tlf.  55975753 eller Andre Olsen, Tlf. 55975756

Psykiatrisk Akuttmottak (PAM) Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.

På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Vi treng deg som har lyst på ein utfordring innan akuttpsykiatri!
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 93485950

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) Psykiatrisk klinikk oppretta i 2018 ein ny seksjon i Avdeling spesialisert psykosebehandling for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar – seksjon Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS). Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.Den nye seksjonen har p.t. 9 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gi tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkjande instansar og dei kommunale tenestene. Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 48110709 eller Silje Madeleine Mihle Bjerkvoll, Tlf. 55958620

Avdeling for Stemningslidingar S1 er ein lukka akutt post med 11 sengeplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Ønskjer du å gjere ein forskjell for pasientar og gode kollegaer? Er du fleksibel og trivast i ein travel og utfordrande kvardag?
Kontakt: Arif Khan, tlf: 55958712 

Spesialisert psykosebehandling S4 er ein lukka akutt korttidspost med 12 sengeplasser lokalisert på Sandviken Sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar. Vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad/anna behandlingstilbod. Hjå oss vil du ta del i ein variert arbeidskvardag, kor vi legg vekt på trivsel, mangfald og fagleg utvikling. Hjå oss er ingen dagar like.
S4 er ein spennande og lærerik arbeidsplass der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjent for vår høge faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsgruppa er ung og engasjert. Fleire av dei tilsette har vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
Kontakt: Marianne Dale, Tlf. 55958848/ 90107250 

Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :) 
Kontakt: Karina Vorland Løvstad, e-post karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Kvalifikasjonar
    • Du har norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
    • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og det er ein føresetnad at du er personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa
    • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 

    Vi tilbyr

    • Ein spennande og utfordrande jobb og eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
    • Fagutvikling, internundervising og opplæring i MAP
    • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar

    Om arbeidsgiveren

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    5
    Sted
    Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
    Bransje
    Helse og omsorg
    Stillingsfunksjon
    Sykepleier,
    Sykepleier / Psykiatri,
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

    Nøkkelord

    Sjukepleiar,, sykepleier,, vernepleiar,, vernepleier;, fast

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Karina Vorland Løvstad
    Stillingstittel
    Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret
    Følg firma
    2249 følger dette firmaet

    Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 274143676
    Sist endret 4. okt. 2022 08:08

    Rapporter annonse