LIS3 i ortopedi, vikariat

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
LIS3 ortopedi - Vikariat
Frist
09.10.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

OM STILLINGA:
Voss Sjukehus, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS 3 i spesialisering innan ortopedisk kirurgi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vikariatet er ledig 01.11.2022 til 31.05.2023, eller etter nærare avtale med seksjonsoverlege.                                                                                                                                                                                                                                             

OM AVDELINGA:
Det er 8 LIS 2/3 legar ved kirurgisk avdeling, 4 LIS 3 ortopedi og 4 LIS 2 generell kirurgi. Vaktordninga er for tida 8-delt, felles vakt ortopedi og generell kirurgi med helgevakt kvar 4. helg. Det er 5 spesialistar i ortopedisk kirurgi ved sjukehuset.

Voss sjukehus behandlar både elektiv ortopedi og ortopedisk traumatologi. Elektiv kirurgi omfattar mellom anna artroskopi i skulder/kne/ankel, fot- og ankelkirurgi og protesekirurgi i hofte og kne.
 
OM VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. I strategiplan for Helse Bergen er det lagt opp til styrking av akuttfunksjonar og fødetilbod ved Voss sjukehus. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Ein samla utviklingsplan, Nye Voss sjukehus fram mot 2035, er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.
 
OM VOSS:
Voss har om lag 14.000 innbyggarar og staden har flott natur som gir særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar både for born og vaksne, samt for ekstremsportutøvarar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod.  

Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk 
  • Visittgang/postarbeid
  • Operere/assistere på operasjon
  • Rettleiing og undervising av LIS1
  • Den som blir tilsett som LIS ortopedi vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
  • Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i ortopedi
  • Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne       

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • God fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Engasjert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 16, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Kirurgi,
Lege / LIS

Nøkkelord

LIS3, ortopedi,, Voss

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christer Kvelvane
Stillingstittel
Avdelingsoverlege
Telefon
56 53 35 00
Kontaktperson
Ove Haukenes
Stillingstittel
Seksjonsoverlege ortopedi
Telefon
56 53 35 00
Følg firma
1719 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 16, 5021 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 274133249
Sist endret 23. sep. 2022 13:52

Rapporter annonse