Utløpt

Assisterande einingsleiar ved Mottaksklinikken, Legeeininga  

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar ved Mottaksklinikken, Legeeininga
Frist
06.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Er du på utkikk etter nye utfordringar, er fleksibel, lojal, framtidsretta og engasjert?   Da er vi på utkikk etter deg!

Legeeininga i Mottaksklinikken har ledig stilling som assisterande einingsleiar. 

Mottaksklinikken vart etablert i 2014. Føremålet med etableringa var å sikre at Øyeblikkelig hjelp-pasienten får rask og riktig diagnose, rett behandling på rett stad i sjukehuset og til rett tid. Klinikken var under oppbygging fram til 2018 og har sida hatt 61 utgreiingssenger og 10 senger for overvaking av akutte og alvorlege rustilstandar, i tillegg til 5 observasjonssenger og Akuttmottak. Klinikken er inndelt i sju einingar, herunder ei lita FOU-eining og ein, etter kvart, ganske stor legeeining.

Tverrfagleg, tverrprofesjonell og teamorganisert er stikkord for korleis vi jobbar i eininga. Mottaksklinikken er sentral i Mottaksmodellen, som er Helse Bergen sin framtidsretta måte å organisere mottak og fordeling av akuttpasientar inn i sjukehuset. Ein modell som involverer alle klinikkar rundt pasientstraumen, og som har pasienten i sentrum. Med meir enn 370 tilsette er klinikken også sentral i etableringa av den nye spesialiteten i Akutt- og Mottaksmedisin for legar og vidareutdanning i Akuttmedisinsk sjukepleie. Mange av våre tilsette har allereie fått vidareutdanninga og spesialiteten og fleire er i utdanningsløpet.

Forskingsaktiviteten er i sterk vekst og det pågår fleire store prosjekt i klinikken. Likeeins har vi eit kontinuerleg fokus på pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring.

Vi søkjer etter ein assisterande einingsleiar som vil være ein viktig støttespelar for einingsleiar for å oppnå mål og gode resultater.

Arbeidsoppåver består av:

  • Bistå einingsleiar med dagleg drift
  • Sikre at teneste vert utøvd i samsvar med kvalitetskrav og lovverk
  • Bidra til at ein arbeidar etter klinikkens mål og innanfor budsjett
  • Arbeidstidsplanlegging, oppdekking og ajourføring i våre personalsystem
  • Følgje opp kompetanseplanar for legane
  • Avviksbehandling og kvalitetsarbeid
  • Bidra i utvikling av teneste og implementering av nye arbeidsmetodar
  • Delta i teamarbeid, vere ein del av leiateamet i legeeininga, samhandling internt i klinikken og med eksterne samarbeidspartnarar
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø samt systematisk HMS-arbeid
  • Delegerte oppgåvar innanfor eit eller fleire av felta fag-, personal- og budsjettansvar kan tilkomme
  • Vere stedfortredar for einingsleiar etter behov

Vi er ein dynamisk organisasjon i endring. Arbeidsoppgåvar kan verte endra eller tilkome

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning - gjerne innan helsefag
  • Erfaring frå arbeidstidsplanlegging er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning/leiarerfaring
  • Gode datakunnskapar samt interesse for IKT og digitalisering
  • Kjennskap til aktuelt lovverk og god økonomiforståing
  • Forståing for endrings- og omstillingsarbeid

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evner til å arbeide målretta og er beslutningsdyktig
  • Ansvarbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Er engasjert i drift og opptatt av kvalitets- og HMS-arbeid
  • Er synleg, tydeleg og motiverande, med evne til å løfte fram dine kollegaer og arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med hektiske, vekslande arbeidsdagar som ikkje alltid er like forutsigbare

Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Lege,
Ledelse

Nøkkelord

Assisterande, einingsleiar,, Mottaksklinikken,, Legeeininga

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tarjei Nestegard
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
41 31 33 01
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 273976533
Sist endret 22. sep. 2022 07:15

Rapporter annonse