Rådgjevar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 12.10.2022
- Ansettelsesform
- Fast
Team for digital læring søkjer etter ein engasjert person som ønskjer å styrke arbeidet med Kompetanseportalen. Kompetanseportalen er eit IKT-verktøy som blir nytta til dokumentasjon av kompetanse og identifisering av behov for opplæring, samt vidareutvikling av medarbeidar og dokumentasjon av spesialistutdanning for legar. Vi ser etter ein god lagspelar som evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Kjerneoppdraget til Team for digital læring er arbeid med utvikling, integrering og forvalting av dei digitale læringsressursane i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til systematikk og utvikling av opplæringsplanar for ulike yrkesgrupper
- Samarbeide med andre sjukehus i Helse Vest om felles opplæringsplanar
- Delta i arbeidet med nasjonal og regional brukarstøtte til ulike grupper medarbeidarar inkludert legar i spesialisering
- Bidra til utvikling- og forbetringsarbeid relatert til Kompetanseportalen
- Forvaltingsoppgåver knytt til Helse Vest sine system innan læring og kompetanse
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på minimum bachelor-nivå
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg
- Interesse for og erfaring med rettleiing
- God kjennskap til IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring innan prosjektleiing/prosjektstøtte er ønskjeleg
- Erfaring frå UH-sektor er ønskjeleg
Utdanning:
- Høgskule/universitet, diplom-/bachelorgrad
- Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik, sjølvstendig og systematisk.
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Trivast med å arbeide i tverrfaglege team.
- Bidrar til gode samarbeidsrelasjonar.
- Analytisk og løysingsorientert.
- Detalj-, kvalitets- og systemorientert.
- Serviceinnstilt.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell,
- Rådgivning
Nøkkelord
Rådgjeving,, Kompetanseutvikling
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Frøy Johnsen
- Stillingstittel
- Teamleiar Digital læring
- Telefon
- 47 62 31 29
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen