Utløpt

Assisterande nettredaktør - UDI kommunikasjon

Arbeidsgiver
UDI
Stillingstittel
Assisterande nettredaktør - UDI kommunikasjon
Frist
11.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Utlendingsdirektoratet (UDI)

UDI kommunikasjon har 27 fast tilsette. I tillegg til ulike digitale løysingar har vi mellom anna ansvar for brukardialog, mediehandtering, arrangement, tolking og omsetting, språk og profil. Dei nettbaserte kanalane våre er i sterk vekst, og vi opprettar no eit smidig utviklingsteam for udi.no.

Til å ta ansvar for dagleg drift og vedlikehald av udi.no, når nettredaktøren skal prioritere utvikling, treng vi ein assisterande nettredaktør (webredaktør). Du vil ha fleire kollegaer i nettredaksjonen som bidreg med innhaldsproduksjon og publisering. Udi.no er tett knytt opp mot andre nettløysingar, og du vil samarbeide med dei som har ansvar for desse. Du vil og ha eit nært samarbeid med fagavdelingane våre og den tilhøyrande telefontenesta.

Arbeidsoppgåver

  • sørgje for at udi.no er oppdatert, brukarvennleg og tilpassa målgruppa
  • fordele oppgåver i nettredaksjonen og gi fagleg rettleiing til kollegaer
  • skrive innhald på norsk og engelsk 
  • publisere og designe innhald på fleire språk
  • utvikle og betre innhaldet basert på brukarinnsikt
  • samarbeide tett med fagavdelingane og støtte dei i arbeidet med å formidle regelverk til brukarane av udi.no på ein måte som er lett å lese og lett å forstå

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning
  • minimum 3-4 års relevant erfaring, gjerne frå ein større nettstad
  • erfaring med å gi råd og opplæring i nettarbeid
  • du må skrive godt og forståeleg (klarspråk) både på norsk og engelsk 
  • du har erfaring med å skrive innhald til ulike målgrupper
  • du har gjerne kjennskap til interaksjonsdesign og innhaldsdesign
  • det er ein fordel om du er ein erfaren brukar av Episerver
  • det er og ein fordel om du kan skrive på nynorsk, men ikkje ein føresetnad

Personlege eigenskapar

  • du er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
  • du er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • du er fleksibel og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • du har god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Vi tilbyr

  • spennande jobb med ein nettstad som er viktig for brukarane
  • godt arbeidsmiljø i ein velfungerande nettredaksjon
  • eit miljø med høgt fagleg nivå innan brukarkommunikasjon
  • ein organisasjon som satsar på nettbaserte løysingar
  • fleksibel arbeidstid

Stillinga blir lønna som seniorrådgivar i lønnsspennet 648.700 kr til 746 900 kr. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan lønna vurderast ut over dette. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Berre kandidatar som søkjer via WebCruiter vil bli vurdert for stillinga. WebCruiters CV og søknadsfelt må fyllast ut sjølv om du legg ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må hente vedlegg frå vitnemålsportalen i søknadsprosessen i Webcruiter. Ved utdanning frå utlandet må du legge ved godkjenning frå Nokut.

Om arbeidsgiveren

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Sektor
Offentlig
Sted
Innspurten 11D, 0663 Oslo
Stillingsfunksjon
PR og informasjon,
Journalist,
Tekstforfatter

Nøkkelord

Nettredaktør, Kommunikasjon, Innholdsdesign

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Grimsmo
Stillingstittel
Kommunikasjonsdirektør
Telefon
94 50 76 15
Kontaktperson
Elin Reitehaug
Stillingstittel
Nettredaktør
Telefon
91 55 42 12
Følg firma
2595 følger dette firmaet

Innspurten 11D, 0663 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 273790700
Sist endret 4. okt. 2022 14:56

Rapporter annonse